Dyre fornminneEin bonde på Frosta i Trøndelag oppdaga restar av eit kaianlegg frå vikingtida på eigedomen sin. Han melde frå til styresmaktene, og nå må han sjølv betala rekninga for arbeidet med å sikra anlegget.
Av Egil Johan Ree Publisert 24.05.2005 14:00. Med lov skal land byggjast og ikkje med ulov øydast. Slik stod det i Frostatingslova som var grunnlov for delar av landet før vi fekk ei landslov. Høgvyrde menn hadde vedtatt lova på Frostatinget i Nord-Trøndelag. Kanskje kom dei siglande inn til Frosta og la til ved den bryggja som bonden Steinar Østerlie fann restar av. Morkne trestokkar som vitna om høg alder og vekte mistankar hos bonden om at dette var fornminne som dei rette styresmaktene burde ta hand om. Det står i vår moderne lov at ein skal melda frå om gamle saker ein måtte finna.
Dei rette styresmaktene kom og tok seg av dei gamle stokkane. Dei var frå vikingtida og hamna på Vitenskapsmuseet i Trondheim. Men dei styresmaktene som steller med fornminne, offentlege museum og vitskaplege institusjonar, har altfor lite pengar. Dei har ikkje råd til å sikra gamle vikingstokkar, så dei gjorde som dei alltid har gjort i nyare tid: dei sende rekninga til bonden. 42 000 kroner måtte han ut med for å sjå på at museumsfolka grov stokkane opp og tok dei med seg. Han søkte Miljøverndepartementet om å få sleppa å betala, men der fekk han ingen pengar.
Bonden på Frosta er ikkje den einaste uheldige. Vi høyrer rett som det er om folk som tar både Frostatingslova og dagens lovverk på alvor, som synest det er rett at landet skal byggjast med lov, men som får rekninga på bordet når museumsfolka har vore på eigedomane deira og sikra seg gamle saker av nasjonal verdi. Det er vel kjent blant folk at det er slik, at det blir både ulemper og utgifter når museumsfolka kjem til gards.
Difor høyrer vi ikkje om dei som lar vera å melda frå når dei finn noko. Som ikkje bryr seg med å oppgi alderen på det gamle huset, for då kjem Riksantikvaren og fredar bygningen slik at det for framtida ikkje kan slås ein spiker i veggen. Og skulle huset stå i fare for å bli øydelagt, er det eigaren som må ta utgiftene med å halda den nasjonale arven i stand.
Slik det er nå, risikerer vi at eit framtidig funn av eit Gokstad- eller Oseberg-skip blir liggjande i jorda fordi bonden som finn det ikkje har råd til å melda frå.
Seinare i år skal Storinget drøfta ei melding om kulturminne. Stortingsrepresentantane burde kanskje ha den gamle frostating-paragrafen i tankane, den om ikkje å øyda landet med ulov.
|