Nynorsk pornoDei som måtte vera interesserte, kan nå sjå nynorsk porno på nettet. Ein ung mann frå bergenskanten finansierer studiet sitt ved å presentera pornografiske bilete med nynorsk tekst.
Av Egil Johan Ree Publisert 23.05.2005 14:26. Er nynorskfolk interesserte i sex? Spørsmålet er truleg blitt diskutert i urbane krinsar der kjennskapen til den nynorske delen av folket er heller perifer. Oppslag i pressa i det siste tyder i alle fall på at det i somme redaksjonar blir sett på som overraskande og eksotisk at pornografi kan presenterast på Ivar Aasen-målet. Bergensavisen og Dagbladet har dei siste dagane oppdaga at ein ung mann frå Sund i Hordaland har laga ei nettside der han syner erotiske bilete med tekst på nynorsk. Dette har ført til oppslag i dei to avisene, og dei som måtte ha vore i tvil, kan nå altså få vita at det ikkje berre er bokmålsfolk som er interesserte i sex og porno.
Dagbladet har snakka med leiaren i Noregs Mållag, Steinulf Tungesvik, som meiner at dette er ein milepæl for nynorsken. Det er ei markering som syner at nynorsken har sprengt endå ei grense, seier Tungesvik. Som leiar av mållaget har han kjempa fånyttes for å få riksaviser som Dagbladet og VG til å bruka meir nynorsk. Nå kan han i det minste gle seg over at ei nettside som er open for alle, presenterer tabuord på nynorsk. Når Noregs Mållag ser dette som ein siger, må det neste kravet vera at vi får eit erotisk blad på nynorsk. I alle fall svenskane ville meina at dette var ei naturleg oppgåve for Det norske Samlaget.
Om studenten frå Hordaland som står bak den pornografiske nettsida, er medlem av Noregs Mållag, veit vi ikkje, men så entusiastisk som Tungesvik er, må vi helst tru at studenten er kvalifisert for eit ærersmedlemskap for pionerverksemda si.
Til Bergensavisen fortel studenten at han finansierer økonomistudiet sitt med inntekta frå nettsida. Kvar tysdag legg han ut ein ny filmsnutt som kundane kan få sjå mot å betala 30 kroner. Han tener gode pengar, seier han til avisa.
Endå meir kjem han vel til å tena når han har fått så mykje omtale av tiltaket sitt, for nå blir det sikker mange nyfikne som klikkar seg innpå for å sjå. Dei vil snart finna ut at bileta av dei avkledde damene ikkje skil seg ut frå bileta vi finn på tilsvarande bokmålssider. Når det gjeld språket, veit vi at mange bokmålsfolk lar seg hissa opp av nynorsk uansett, så der kan det bli litt ekstra å henta for dei nyfikne. Elles er vi redde for at studentens tidlegare norsklærarar også kjem til å øsa seg opp litt. Her er mykje å bruka raudblyanten på i den nynorske teksten.
|