skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Napoleons bukser

I snart 200 år har det vore spekulasjonar om kva Napoleon døydde av på St. Helena. Nå meiner sveitsiske forskarar at dei har funne svaret ved å studera den forviste keisarens bukser.
Av Egil Johan Ree

Publisert 06.05.2005 11:31.
Historikarane har opp gjennom åra naturleg nok vore opptatt av Napoleons liv som krigar og politikar, men mange har også brukt tid og krefter på å granska korleis han døydde. Like etter at han var død, oppstod det nemleg rykte om at han blitt forgifta. Ikkje så underleg, kanskje, for det var folk i Frankrike som var livredde for at han skulle koma tilbake og som difor hadde gode grunnar for å ta han av dage.

Napoleon drog sitt siste sukk på St. Helena 5. mai i 1821. Det er altså dødsdagen hans i dag. Legane som undersøkte liket, slo fast at han døydde av magekreft. Dette har i alle år vore den rådande teorien, men mange har vore på jakt etter andre forklaringar.

Den mest vanlege teorien har vore at Napoleon vart forgifta av arsenikk. Dette dødelege stoffet vart nemleg funne i hårstrå frå Napoleons hovud. Den svenske tannlegen Sven Forshuvud skreiv omkring 1960 ei bok om dette der han jamvel meinte å vita kven som hadde gitt Napoleon arsenikken.

Men dei sveitsiske forskarane som nå meiner å kunna stadfesta at den forviste keisaren verkeleg døydde av magekreft, avviser teorien om arsenikk. Det hadde seg nemleg slik at Napoleon var svært glad i vin. I vinen var det restar av arsenikk den gongen, for det brukte vinmakarane for å gjera tønner og kar turre og reine.

Det dei sveitsiske forskarane har brukt for å koma fram til sine konklusjonar, er Napoleon sine bukser. Ikkje dei med raude render som han og hæren hans brukte då dei drog over Alpane, men buksene han gjekk med dei seks åra han motvillig måtte halda seg på St. Helena. Forskarane har målt livvidda på 12 av desse buksene og funne at Napoleon stadig vart slankare. Den romslegaste buksa hadde ei livvidde på 110 cm, den smalaste 98 cm. Forskarane målte samtidig livvidda på nålevande pasientar med magekreft og fann at dei tok av like mykje som Napoleon må ha tatt av. Konklusjonen sveitsarane drar, er altså at legane som undersøkte keisarens lik i 1821, truleg hadde rett. Napoleon døydde av magekreft.

Men siste ord er sikkert ikkje sagt. Vi kan trygt rekna med at det dukkar opp nye forskarar som ikkje slår seg til ro med dei teoriane som til nå er lanserte, så dei som framleis måtte vera interesserte korleis Napoleon døydde, får berre smørja seg med tålmod.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no