skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Problemet med barnevakt

Nestleiaren i Venstre Olaf Thommesen og kona hans Vendela Kirsebom er inviterte til gallamiddag hos president George W. Bush i Det kvite hus i Washington. Nå viser det seg at dei kanskje ikkje får barnevakt og dermed må avlysa turen.
Av Egil Johan Ree

Publisert 26.04.2005 14:06.
Sorry George, du får prøva å avvikla gallamiddagen utan oss denne gongen. Vi har ikkje greid å skaffa barnevakt, og ungane er for små til at vi kan la dei vera heime åleine. Vi driv dessutan og pussar opp det nye huset vårt, så vi har svært mykje å gjera for tida. Synd i grunnen, for Vendela har kjøpt ny gallakjole og hadde gleda seg til middagen, men slik er det, dessverre. Hels Laura så mykje. Beste helsing Vendela og Olaf.

Slik blir kanskje telegrammet som ekteparet Kirsebom/Thommesen må senda til den amerikanske presidenten, for kjendis- og politikarparet har kome i same klemma som så mange andre småbarnsforeldre: dei blir inviterte ut, men må takka nei fordi dei ikkje får barnevakt. Det er VG som presenterer den triste historia på førstesida i dag.

Av artikkelen lenger inne i avisa går det fram at ekteparet aldri har vore borte frå ungane på fire og sju år i helgene. Mangel på barnevakt synest såleis å vera eit permanent problem i familien.

Litt overraskande er det jo å lesa at profilerte folk som Kirsebom og Thommesen ikkje har så mange vener og kjende at dei greier å mobilisera nokon dei kan lita på til å passa ungane ei helg. Rett nok er Venstre eit lite parti, men så pass mange skulle det vel vera i Oslo at paret kunne finna kandidatar til ei så tilsynelatande enkel oppgåve. Lars Sponheim reiser vel heim i helgene på denne tida for å ta seg av lemminga i Hardanger, men som den røslege mann han er, skulle han kunna greia å passa eit par ungar om dei er aldri så balstyrige.

Statssekretær Gunnar Kvadsheim skulle og kunna greia jobben. Han må ha lært seg mykje diplomati i arbeidet på statsministerens kontor, og er elles ein stø og fredsæl mann som ekteparet trygt kunne lita på.

Siste utveg kunne vera å leiga framandarbeidarar til å sitja barnevakt, men det har Thommesen dårleg røynsle med frå før, så det kjem vel ikkje på tale.

Det går fram av oppslaget i VG at Kirsebom og Thommesen alt har skaffa seg billettar til turen over Atlanteren. Og Vendela har kjøpt seg gallakjole som ho skulle hatt på seg i Det kvite hus. Bortkasta pengar, altså, dersom paret ikkje får barnevakt.

Vi synest oppriktig synd på ekteparet som går glipp av ein hyggeleg gallamiddag, og takkar samtidig VG som lar oss få del i kor vanskeleg livet stundom kan vera for somme av oss.











 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no