På tur med Lars MonsenVillmarksprogramma i fjernsynet om friluftsmannen Lars Monsen er blitt svært populære. Kan det henda at mange av oss sit og drøymer om å gjera det same som han ?
Av Egil Johan Ree Publisert 29.03.2005 12:31. Lars Monsen padlar og fiskar, fiskar og padlar, og av og til går han litt. Fisk får han heile tida, og den steikjer han på open varme og et med fingrane. Særleg dramatisk er det i grunnen ikkje, i alle fall ikkje når han fartar i villmarka her i landet der sjansen for å møta farlege dyr som ulv og bjørn er mindre enn det sauebøndene hevdar. Men vi sit i godstolane våre og følgjer fascinert med på skjermen når han baksar med kanoen sin og slaktar den eine storfisken etter den andre.
For Lars Monsen er arvtakar etter barske friluftsfolk som nordmenn til alle tider har sett opp til like frå vikingtida då Olav Trygvason gjekk på årane. Vi har beundra polheltane Amundsen og Nansen som kjempa mot is og kulde, Helge Ingstad som levde pelsjegarliv i Canada og Alaska, Tor Heyerdal som sigla med balsaflåte og sivbåt på dei store hava - store heltar som med livet som innsats sveitta og fraus og overlevde på små rasjonar.
Somme har drøymt om å gjera som heltane, men dei fleste av oss har ikkje drive det stort lenger enn til sundagstur i skog og mark. På det feltet er vi til gjengjeld uslåelege i internasjonal samanheng. Alle utlendingar som kjem hit undrar seg over kva slag gen det er som får nordmenn til å kjenna dårleg samvit når dei ikkje kjem seg ut på tur på fridagane.
Og hytter har vi skaffa oss, på fjellet og ved sjøen. Før var det enkle greier med parafinlampar og primus, hermetikk og kalde utedoar. Då kunne vi så smått kjenna oss i slekt med dei gamle barskingane når vi sleit oss gjennom snøen og sat og fraus til vi hadde fått fart i den gamle vedomnen. Men nå skal det vera innlagt straum og vatn, oppvarma badegolv og køyreveg heilt fram til hyttedøra.
Så er vi kanskje blitt litt for bortskjemde og urbaniserte? Nei då, påskeutfarten fortel at villmarka framleis lokkar på mange av oss. Tusenvis av nordmenn stiller seg i bilkø og strøymer til fjells for å mosjonera på snøen. Og Den norske turistforening melder om rekordmange som går frå hytte til hytte.
For ut i naturen må vi så sant vi er i fysisk stand til å greia det. Dei fleste av oss prøver ikkje å kopiera Lars Monsen som rek rundt for seg sjølv med kniv og fiskestong, eventuelt i selskap med ein eller fleire hundar. Men når vi sit der ved skjermen i veke etter veke og ser på han, tenkjer vi kanskje at det var slik vi burde gjort det. Eller er vi eigentleg glade for at vi slepp og at det er han som gjer det for oss?
|