skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Fordomar om kjønnsroller

Britisk fjernsyn tvilar på om mannfolk kan greia å stella heime utan hjelp av kvinnene sine. Møbel- og utstyrsgiganten IKEA tvilar på om kvinner er i stand til å skru saman møblar som kjem i flate pakkar.
Av Egil Johan Ree

Publisert 29.03.2005 12:31.
Programfolka i BBC er truleg ikkje kjende med norske folkeeventyr. Hadde dei vore det, hadde dei visst korleis det går når mannen skal stella heime. Som vi hugsar, enda det med katastrofe i eventyret: kua datt ned frå taker, mannen enda i skorsteinspipa og grauten vart svidd. Nå skal det britiske fjernsynsselskapet BBC gjera om lag det same eksperimentet. Ein landsby i det nordlege England skal tømast for kvinnfolk og så skal fjernsynet finna ut om mennene er i stand til å stella heime i ei veke.

Kvinnene i England skal sleppa lettare enn kona i eventyret. Dei skal ikkje ut med ljåen og slå gras, dei skal få bu på hotell der dei truleg ikkje kjem til å gjera anna enn å grua seg til å koma heim att.

Utgangspunktet for BBC må vera ein viss tvil om mannfolka er i stand til å greia matlaging, klesvask og ungepass i ei veke. For jamvel om verda på mange vis har gått framover, slit vi framleis med fordomar når det gjeld manns- og kvinnerollene.

Det gjer i alle fall IKEA, om vi skal tru statsminister Bondevik. IKEA sel, som vi veit, flate pakkar med møblar som vi må skru saman sjølv. Med pakkane følgjer bruksrettleiingar som for svært mange av oss er nokså uforståelege. Nå har statsminister Bondevik oppdaga at i alle dei 2000 bruksrettleiingane IKEA har, finst det ikkje bilete av ei einaste kvinne, berre menn. Det er uhaldbart, seier statsministeren.

Nå kan ein sjølvsagt lura på kvifor ein travel regjeringssjef finn det naudsynt å slå alarm om ei sak som kan synast nokså lita i høve til f.eks. statsbudsjettet for neste år og det komande valet. Er det kan henda fru Bjørg som har greid å skru eit IKEA- møbel saman og såleis gjort statsministeren merksam på at kvinnfolk er i stand til å gjera det IKEA meiner er mannfolkarbeid ? Korleis det nå heng saman, så rasar i alle fall Bondevik i avisa i dag mot kvinnesynet i IKEA.

Nå står det att å sjå om IKEA rettar seg etter kritikken frå høgaste politisk hald i Noreg. Det står også att å sjå om BBC får rett dersom dei trur at mannfolka ikkje kan stella heime. Forresten så er det kanskje vi som tar feil når vi trur at det er slik BBC tenkjer. Kan det henda at fjernsynsselskapet eigentleg er ute etter å prova at mannfolka greier seg og at kvinnfolka i grunnen er overflødige?




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no