FugleinfluensaStyresmakter over heile verda bur seg nå på at det kan koma ein influensaepidemi som kan ta livet av millionar av menneske. Det som kan utløysa epidemien er smitte frå den såkalla fugleinfluensaen som har dukka opp i Asia.
Av Egil Johan Ree Publisert 29.03.2005 12:31. Kor redde skal vi gå rundt og vera? Skal vi slutta å gå på jobb og mura oss inne for ikkje å koma i kontakt med andre menneske? Skal vi halda oss borte frå dyr og fuglar? Avisene skræmer oss nesten dagleg med dramatiske overskrifter: Fuglevirus kan bli langt verre enn sars, les vi. Verdas største helsetrussel, skriv ei avis. Ikkje før har vi lært kva framandordet tsunami tyder, må vi læra oss ordet pandemi - ein farsott som spreier seg frå land til land.
Det er fugleinfluensaen i Asia som får helsestyresmaktene til å slå alarm. Mange menneske er døde i Sør-Aust Asia, millionar av kyllingar og andre fuglar er slått i hel for å hindra spreiing av smitte. Verdas helseorganisasjon har hatt krisemøte, helsestyresmaktene i mange land diskuterer kva som bør gjerast. Land etter land hamstrar vaksine for å vera budde på det som kan bli vår tids utgåve av spanskesjuka som herja i store delar av verda for eit snaut hundreår sidan.
Spanskesjuka var ein influensaepidemi - ein pandemi - som råka meir enn 500 millionar menneske. Av dei døydde om lag 30 millionar. Her i landet var det i 1918 bortimot 400 000 som vart melde sjuke, og av dei døydde over 7000.
I 1957 kom den såkalla Asia-sjuka. Det var og ein influensaepidemi som spreidde seg over det meste av verda. Mellom 20 og 50 prosent av befolkninga i landa som var råka, vart sjuke. Men Asia-sjuka var ein langt mildare variant av influensa enn spanskesjuka, så dødstala var ikkje på langt nær så store.
Dødstala dei opererer med nå er langt verre. Dei mest optimistiske helseekspertane meiner at to til sju millionar kan koma til å døy. Pessimistane i Verdas helseorganisasjon reknar med 100 millionar døde i heile verda. Ei norsk gruppe har sett for seg at det verste som kan skje her i landet, er at 1,3 millionar mistar livet, men dei norske helsestyresmaktene trur eigentleg ikkje at talet blir på langt nær så høgt.
Men det er jo skræmande tal uansett. Vi likar ikkje å tenkja på det, og styresmaktene seier då og at vi ikkje skal gå rundt og tenkja på det. Vi må ikkje få panikk, seier dei. Det er slett ikkje snakk om nokon pandemi ennå. Det er faktisk ikkje sikkert at det blir nokon pandemi. Så får vi i det lengste tru på det, då, og vona at om smitten kjem, så blir han ikkje så ille som pessimistane trur.
|