skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Blir vi leie av Paris Hilton?

Den amerikanske hotellarvingen Paris Hilton har eit merkeleg liv. Ho har ikkje noko yrke og ikkje så mykje anna å skryta av heller, men så snart ho rører seg, får ho omtale i media.
Av Egil Johan Ree

Publisert 29.03.2005 12:31.
Vi blir visst aldri leie av å lesa om Paris Hilton - eller blir vi det? Media må i alle fall meina at vi ikkje kan få nok av henne, for vi møter henne i papir- og nettaviser så å seia dagleg. Stundom og i fjernsynet. På verdsbasis er det enorme journalistiske resursar som er i sving kontinuerleg for å halda oss oppdaterte på livet til Paris Hilton.

For eit eventuelt uvitande mindretal bør vi kanskje opplysa om kven Paris Hilton er. Ho er ei 24 år gamal amerikansk ugift jente, arving til hotellimperiet Hilton som forresten i si tid vart grunnlagt av ein mann med slektsrøter i Noreg. Jenta er altså rik og treng ikkje bekymra seg over om ho greier å betala husleiga eller telefonrekninga.

Ho blir fotografert ofte og kallar seg modell, men har elles ikkje noko yrke, og har truleg heller ikkje planar om å skaffa seg det. Så vidt ein veit, har ho ikkje gjort noko nyttig i det korte livet ho til nå har levd. Ho reiser ein del, går i butikkar og deltar aktivt i selskapslivet i USA og utlandet. Ho har ein liten hund med spiss nase og tynne bein som heiter Tinkerbell.

I si tid var ho med i eit såkalla reality-program der ho og ei veninne leika gardbrukarar. Det var visst ikkje særleg vellykka. Ho let seg og filma medan ho hadde sex med ein tidlegare kjærast. Filmen vart stolen og seld for over 30 millionar kroner og seinare lagt ut på internett, så den fekk mange sjåarar.

Den som søkjer etter Paris Hilton på nettet, kan finna sex-filmen, og kan elles konstatera at det er vel 1,4 millionar treff på namnet.

Det siste nye er at slemme hackerar har brote seg inn på mobiltelefonen til Paris Hilton og knabba telefonlista hennar. Der står det mange spennande namn som ein nå kan finna på Internett. Det skal visst vera mange som har prøvd å ringja kjendisvenene til frk. Hilton, så dei fleste har nå stengt telefonane sine eller kopla på telefonsvararen. Det konstaterte den seriøse britiske avisa The Guardian som sette ein journalist til å ringja til ein del av dei nesten 500 namna på lista.

Som vi skjønar, er det ikkje berre sladderavisene som interesserer seg for Paris Hilton. Også seriøse blad synest dei må følgja med på kva den bortskjemde hotellarvingen driv med. Det er forunderleg kva vi brukar tida vår til.








 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no