skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Dårleg nytt for Posten

Svært mange nordmenn er misnøgde med dei tenestene Posten leverer, går det fram av ei internasjonal undersøking. I andre land har dei nasjonale posttenestene langt betre omdøme.
Av Egil Johan Ree

Publisert 14.02.2005 14:18.
Det er ikkje høge tankar vi gjer oss lenger om dei gamle, trauste nasjonale institusjonane våre. Vinmonopolet er blitt tatt med buksene nede, meierigiganten Tine har prøvd seg med snusk, så dei har vi ikkje like høge tankar om som vi hadde før. Og nå er det altså Posten. Den var det sjeldan noko tull med i gamle dagar. Vi sende - og fekk - pakkar og brev og pengar, og ikkje kosta det meir enn at vi godtok det. Nå sender vi ikkje så mange brev lenger, og pengar blir stort sett overførde på andre måtar, men pakkar går vi på Posten med av og til og får hakeslepp av det vi må betala for å få dei sende.

Nå fortel ei internasjonal undersøking at svært mange nordmenn er misnøgde med Posten. Folk i mange land er blitt spurde om kva dei meiner om den nasjonale posttenesta, og her kjem vårt eige postverk dårleg ut. Undersøkinga er gjennomførd i 42 land. I gjennomsnitt skårar postverka i desse landa 41 poeng medan Posten her i landet berre får 26. Det plasserer oss på aller nederste del av skalaen, fortel Aftenposten.

Folk er misnøgde med Posten generelt og når det gjeld kvaliteten på dei produkt og tenester Posten leverer.

Posten sjølv meiner sikkert at dei gjer så godt dei kan etter at dei vart pålagde å tena pengar. Dei har i årevisa streva med å omorganisera og rasjonalisera. Tusenvis av årsverk er blitt borte. Samtidig er det innført nye rutinar som kanskje gjer livet lettare for dei posttilsette, men som vi, kundane, ikkje har så lett for å skjøna. Aftenposten kunne t.dømes nyleg fortelja at verdipost frå finnmarksbyen Vardø til nabobyen Vadsø naturleg nok blir send frå Vardø til Vadsø, men så må han ein tur til Oslo og tilbake før han kan utleverast til kunden.

Posten må altså skjerpa seg, for leiinga likar sikkert ikkje å leva med så dårleg omdøme som undersøkinga syner. Både bankane, helsevesenet, daglegvarehandelen og telefonileverandørane er meir populære blant publikum enn Posten.

Nå i ettermiddag er det forresten ting som tyder på at organisasjonen kanskje alt har tenkt å gjera noko med sitt dårlege rykte. Ei melding fortel at Posten har løyvt 14,3 millionar kroner til Norges Fotballforbund slik at forbundet kan byggja 250 nye ballbingar. Så får i alle fall ein del barn og unge ein grunn til å sjå med velvilje på det gamle postverket.






 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no