Sylvia Rafael SchjødtDen tidlegare israelske etterretningsagenten Sylvia Rafael Schjødt er død. Rafael Schjødt var med i den israelske gruppa som i 1973 skaut og drap ein uskuldig mann på gata i Lillehammer.
Av Egil Johan Ree Publisert 11.02.2005 13:19. Få drapssaker har fått meir omtale her i landet enn drapet på Ahmed Bouchikhi i Lillehammer i 1973. Ein drapskommando utsend av den israelske etterretningsorganisasjonen Mossad stod bak drapet. Men, som det snart skulle visa seg, hadde drapskommandoen drepe feil mann. Den marokkanske kelnaren Ahmed Bouchikhi var blitt forveksla med leiaren for den palestinske organisasjonen Svart September som året før hadde drepe 11 israelske deltakarar i dei olympiske sommarleikane i Munchen.
Sylvia Rafael, som ho heitte då, var blant dei 15 i den israelske drapskommandoen som var send til Noreg. Saman med fem andre vart ho arrestert etter drapet i Lillehammer. Ni av dei israelske agentane greide å koma seg unna. Blant dei ni var truleg dei to som skaut Ahmed Bouchiki.
Det var om kvelden 21. juli 1973 drapet i Lillehammer skjedde. Bouchikhi hadde nett gått av bussen saman med den gravide kona si. Ein mann og ei kvinne fyrde av 15 skot mot Bouchikhi. Fjorten av dei råka han. Berre nokre timar seinare vart seks agentar arresterte i Oslo. Fem av dei, to kvinner og tre menn, vart i 1974 dømde til mellom eit og fem og eit halvt års fengsel. Sylvia Rafael var blant dei som fekk fem og eit halvt år for medverknad til drap, spionasje og bruk av falskt pass. Ein av dei fem vart frikjend.
Sylvia Rafael anka saka til Høgsterett, og der fekk ho advokaten Annæus Schjødt som forsvarar. Det vart starten på eit venskap som eit par år etter enda med ekteskap.
Sylvia Rafael vart benåda i 1975 og send ut av landet. Ho kom tilbake etter at ho hadde gifta seg, men i 1977 vart ho utvist frå landet. Mange, blant dei den tidlegare forsvarsministeren Jens Christian Hauge, protesterte mot den avgjerda. Men utvisinga stod ved lag i to år. Då fekk ho opphaldsløyve, og i åra etterpå budde ho med ektemannen i Oslo til dei i 1992 flytta til Sør-Afrika der ho var fødd.
Sylvia Rafael Schjødt var utdana filolog og kom i 1973 til Israel der ho meinte å slå seg til. Nokså snart vart ho rekruttert av etterretningsorganisasjonen Mossad og send til Noreg for å vera på likvidasjonen på Lillehammer.
Den siste tida har Rafael Schjødt vore kreftsjuk, og ho døydde i går kveld, 67 år gamal.
|