skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Paven i Roma og bispen i Oslo

I Oslo skal det snart velgjast ny biskop, i Roma førebur dei seg på at dei om ikkje lenge må velgja ny pave. Begge stader er det diskusjon om kven som er rett person for den viktige stillinga.
Av Egil Johan Ree

Publisert 03.02.2005 14:17.
Den 84 år gamle paven ligg på sjukehus med influensa, men jamvel om han skulle koma seg og bli førd tilbake til kontoret i Vatikanet, kan vi gå ut frå at dei mektige kardinalane i den katolske kyrkja alt er i gang med å tenkja på kven som skal bli ny pave.

I den norske regjeringa ventar dei samtidig på kven Oslo bispedømeråd og biskopane skal nominera som kandidat til den snart ledige bispestolen i Oslo, men kulturminister Svarstad Haugland gjer seg sikkert dagleg tankar om kven som bør få denne viktige stillinga i den norske kyrkja.

Både her i landet og i den katolske verda er det spørsmål om kva slag teologisk profil den nye leiaren skal ha, og i Oslo som i Roma er sex og homofili eit stridsspørsmål. Her står konservative og meir liberale syn mot kvarandre, begge kyrkjene er splitta i saka.

Pave Johannes Paul 2. er ein konservativ teolog. I spørsmål om kvinnesak, homofili, prevensjon og abort har han heile tida stått for eit svært restriktivt syn og dermed kome i konflikt med mange katolikkar som meiner det er på tide at kyrkja får med seg korleis synet på desse sakene har endra seg i verda. Mange synest f.eks. det er meiningslaust at kyrkja skal vera imot prevensjon så lenge HIV og Aids herjar i delar av verda.

I vår lutherske kyrkje kranglar dei først og fremst om homofili. Dei to fremste kandidatane til bispestolen i Oslo, Ole Christian Kvarme og Erling J. Pettersen, står vel ikkje så langt frå kvarandre i dei fleste teologiske saker, men i spørsmålet om homofile prestar har dei ulikt syn. Dei konservative i kyrkja vil ha Kvarme, og i dag er det fleire fylkesleiarar i KrF som meiner partiet må gå ut av regjeringa dersom ikkje Kvarme blir ny biskop.

I den katolske kyrkja er det mykje som tyder på at også den neste paven blir ein konservativ teolog. Det er kardinalane som skal velgja ny pave, og dei fleste av dagens kardinalar er utnemnde av Johannes Paul 2. Han har sytt for at det er solid overvekt av konservative menn blant dei som skal utnemna etterfølgjaren hans. Så dersom den komande paven fører vidare det synet dagens pave målber, blir det mange vonbrotne katolikkar.

Hos oss kan det og bli mange vonbrotne, for kyrkja er delt i ein konservativ og ein liberal fløy, og homofili-spørsmålet er viktig for mange, så uansett kven som blir valt, blir det ein fløy som kjem til å kjenna seg forbigått. Regjeringa i Oslo har det like vanskeleg som kardinalane i Roma.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no