skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Må cubanarane stumpa sigaren?

Kampen mot tobakkrøyking breier seg til stadig fleire land. Nå skal også det sigar-produserande landet Cuba innføra restriksjonar som gjer det vanskeleg for dei som framleis røykjer.
Av Egil Johan Ree

Publisert 19.01.2005 14:00.
Fidel Castro let seg gjerne fotografera med sigar i munnen eller i handa. Det same gjorde den i si tid like verdsberømte kameraten hans Che Guevara. Havanesarar var nærast eit varemerke for Cuba. Mannen i gata - og kvinnene med - røykte sigar, og sigarane var dessutan ein viktig og eksklusiv eksportartikkel, etterspurd over heile verda av folk med fine vanar.

Men kampropet frå Gro Harlem Brundtland om krig mot tobakken har omsider også nådd Cuba. Det har gått opp for ein del cubanarar at røyking kan vera skadeleg. Sjefen sjølv, Fidel Castro, fekk alt for mange år sidan beskjed av legen om at han burde slutta å røykja, og sidan har han visst ikkje rørt ein sigar, i alle fall ikkje offentleg. Nå skal styresmaktene innføra røykerestriksjonar. Frå nå av må også cubanarane ut i friluft dersom dei vil ha seg ein blås.

Førebels er det nok ingen fare for sigarproduksjonen og eksporten, for Cuba-sigarane er framleis populære rundt om i verda. Det har dei vore sidan midten av 1800-talet, då dei indirekte faktisk kom til å spela ei viss politisk rolle. Sigareksporten førde til at det voks fram ei velståande middelklasse på Cuba, som då var under spansk herredøme. Den nye middelklassa kravde sjølvstende for Cuba, og kravet utløyste ein krig som vara i ti år.

Krigen førde ikkje til sjølvstyre, det kom først seinare, men sigareksporten heldt seg, og framleis er sigarane Cubas nest største eksportartikkel etter sukker. Men nå vil altså styresmaktene at cubanarane sjølv skal skjæra ned på tobakkforbruket. Frå neste månad av blir røyking forbode i teater, butikkar, bussar og drosjar. I restaurantar blir det berre røyking i avstengde område. Sigarettautomatar skal fjernast. Det skal bli forbode å selgja sigarettar til barn under 16 år, og butikkar som ligg nærare enn 100 meter frå skolar, får ikkje lov å selgja tobakk.

Statistikken fortel av fire av ti cubanarar røykjer. Nå står det att å sjå kor mange som sluttar når restriksjonane blir sette i verk og cubanarane må ut på gata for å ta ein røyk. Det er ikkje sikkert dei kjem til å synast at det er så ille. Middeltemperaturen om vinteren på Cuba er over 20 grader.










 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no