skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Tabloid kritikk mot utanriksministeren

Utanriksminister Jan Petersen må dagleg svara på kritikk som blir reist mot Utanriksdepartementet etter tsunami-katatsrofen. I dag kjem han med eit spark til Aftenposten som nyleg la om til tabloid-format.
Av Egil Johan Ree

Publisert 13.01.2005 14:19.
Det er ikkje berre langs kysten i sør og vest det har vore kuling og storm den siste tida. Også rundt Victoria Terasse i Oslo der det ærverdige Utanriksdepartementet held til, har det blåse friske vindar. Sidan andre juledag då tsunamien råka kystane ved Det indiske hav, har kritikken mot UD frå presse og overlevande vore temmeleg massiv, og utanriksminister Petersen har som øvste sjef vorte den som har måtta forsvara det som vart gjort den første tida etter flodbølgja.

Dei overlevande har klaga på manglande informasjon frå departementet og på at det ikkje var nok folk til å ta seg av dei etter at dei så vidt hadde sloppe unna tsunamien. Pressa har formidla desse klagene og har dessutan peika på at UD er eit topptungt, byråkratisk apparat som ikkje er tilpassa den moderne tid og som då heller ikkje er eigna til å hanskast med kriser av det slaget vi fekk i julehelga.

Seint og tidleg har utanriksminister Petersen måtta svara på kritiske spørsmål frå utålmodige journalistar. Vi kan gå ut frå at han med stigande irritasjon har slått opp i avisene om morgonen for å lesa om kor ille det står til i departementet hans og kor hjelpelaust han og medarbeidarane hans leia krisearbeidet etter katastrofen. I dag må han jamvel lesa i VG at statsministeren til slutt valde helseminister Ansgar Gabrielsen som katastrofesjef fordi han hadde større handlekraft enn utanriksministeren.

I Dagbladet i dag tar Petersen på nytt til motmæle mot kritikarane. Litt rett har dei nok, vedgår han, men ein del av dei han kallar forståsegpåarar, har han lite til overs for. Somme av dei har vore direkte vondskapsfulle, seier han. Ikkje minst har Aftenposten vore vondskapsfull, og det har nok gått ekstra hardt inn på utanriksministeren som truleg hadde venta seg meir sympati i akkurat den avisa.

Men så skin det gjennom at Petersen har funne forklaringa på at han blir så usympatisk skildra i Aftenposten. Avisa har gått over til tabloid-format! Det burde visst ikkje avisa ha gjort. Aftenposten burde overlata tabloid-journalistikken til dei som kan det, seier utanriksministeren.

Så nå har redaktørane i Aftenposten fått noko å tyggja på. Dei som trudde at det berre var formatet dei hadde endra, ikkje innhaldet.












 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no