skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Dei som et av lasset

I desse dagar strøymer det inn pengar til ofra for katastrofen i Asia. Sjeldan har det vore vist slik givarglede. Men som alltid er det nokon som stel av lasset.
Av Egil Johan Ree

Publisert 05.01.2005 14:26.
Vi blir stadig meir egoistiske, seiest det. Tenkjer på oss sjølv og gir blaffen i andre. Men så vaknar vi av og til og ser at det er nokon som treng at vi strekkjer ut ei hjelpande hand. Det er ikkje alltid det er så mykje vi kan gjera, men vi kan i alle fall opna lommebøkene. Dei årlege innsamlingane som fjernsynet styrer, gir millioninntekter til gode formål. I desse dagar strøymer millionane inn til ofra etter tsunamien i Asia. Vi gir som vi aldri har gitt før. Kanskje er vi ikkje så egoistiske likevel?

Men så er det altså nokon som ikkje kan dy seg, som kynisk ser ein sjanse til lettvint forteneste i ein atmosfære der folk flest er rysta over det dei har sett av døde kroppar og øydelagde hus og landskap, og meir enn gjerne kjem med den hjelpande handa. Vi skjemmest når vi høyrer om slike som utnyttar situasjonen, men slik er det.

Falske bøssebærarar dukkar opp både her og der. I Lofoten sette ein mann inn annonse i avisa om ein innsamlingsaksjon. Men pengane gjekk til hans eigen lønskonto. I Oppland samla nokon inn pengar til ein organisasjon som kalla seg "Barna i våre hender", men nokon slik organisasjon eksisterer ikkje. Det er avslørt falske innsamlingsaksjonar via tekstmeldingar og e-post.

I Bærum fortalde avisa om ein familie frå bygda som overlevde katastrofen i Thailand. Då familien kom heim, hadde tjuvar tømt huset for verdisaker. I Sverige har dei vore redde for at slikt kunne skje, så der har dei vedtatt å ikkje offentleggjera listene over døde og sakna. Med bitter røynsle frå tidlegare katastrofar veit dei at samvitslause folk kan ta seg inn i hus som dei ut frå listene veit kan stå tome.

Så høyrer vi frå katastrofelanda om valdtekt av kvinner som har overlevd flodbølgja. Vi høyrer om foreldrelause barn som blir bortførde. Og snart skal vi få høyra om svindel og korrupsjon i samband med naudhjelpsarbeidet. Milliardane som nå kjem til å strøyma inn for å byggja opp att områda som vart øydelagde, kjem ikkje alltid dit dei var tiltenkte. Det finst alltid nokon som plukkar av lasset for å gjera seg sjølv litt rikare.

Slik er det i denne ufullkomne verda. For dei fleste av oss er det uforståeleg at nokon kan ha samvit til å profitera på sorg og naud, men slike folk finst. Dei må berre ikkje hindra oss i halda fram med å hjelpa.

Vi presiserer at organisasjonen "Barna i våre hender" ligg i Holmestrand. Nokon i Oppland har gitt seg ut for å tilhøyre organisasjonen, og har samla inn pengar i organisasjonens namn.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no