Den store bølgjaÅret som gjekk vart ikkje heilt som vi hadde rekna med. Det som skjedde i romjula overskygga alt av det vi opplevde elles i 2004.
Av Egil Johan Ree Publisert 31.12.2004 12:19. Det var sjølvsagt heilt andre ting ein skulle ha snakka om på ein dag som denne - den siste dagen i året. Ein skulle ha sett tilbake på året som gjekk, eller sett framover mot det nye som startar i morgon. Skulle ha budd seg på ein festleg kveld med fyrverkeri og god mat og drikke, møtt slekt og vener i godt lag.
Men så kom altså den store bølgja og la seg over oss. Vi fekk læra oss eit nytt ord: tsunami. Somme av oss hadde vage minne om å ha sett og høyrt om fenomenet, - i TV-programmet Schrødingers katt, kanskje -; dataanimerte framstillingar av korleis ei slik bølgje oppstår, korleis ho veks og til slutt bryt inn over land. Men det var teori som vi nesten hadde gløymt.
Nå, på ein fredeleg juledag, kom ein verkeleg tsunami. Så var det ikkje teori lenger, det var tragedie, og det i eit omfang som vi har store vanskar med å fatta. Hjelpelause sit vi framfor fjernsynet og ser det sundrivne landskapet, dei knuste husa, likposane. Dei uendelege rekkjene av likposar, - massegraver.
Det skjedde og skjer langt borte frå oss. Vi ville nok fått hjarteskjærande reportasjar og ekstrasendingar uansett kvar det var i verda, men denne gongen råka tragedien også område der mange av våre eigne var, og slik er det, at når også våre eigne blir råka, så følgjer vi ekstra godt med.
Vi møter somme av dei overlevande i radio og fjernsyn og høyrer om grufulle detaljar. Mange, altfor mange, kjem aldri att. Men dei fleste av dei som vart råka, kjem vi aldri til å få møta. Dei titusenvis som døydde, dei millionar som så vidt overlevde, men som har fått tilværet omsnudd, som har mista heim og levebrød. Fattige folk som nå manglar fiskebåt for å koma seg ut på havet for å skaffa føde, som har fått øydelagt den jordflekken der dei skulle dyrka mat til familien.
For litt over tre år sidan hadde vi 11. september. Det sette ein støkk i oss. Det var ein menneskeskapt tragedie som vart ein merkedag i det nye hundreåret. Nå fekk vi ein tsunami, ein tragedie utløyst av naturkreftene på den skrøpelege kloden vi bur på. 26. desember 2004 blir ein ny merkedag. Men nå har vi ingen terroristar vi kan leggja skulda på. Naturkreftene rår vi ikkje over.
Den store bølgja velta inn over menneske og landskap i mange land langt borte frå våre strender, men ho la seg på eit vis også over oss alle nå i romjula, så det ville blitt puslete å snakka om røykelov og bispekrangel og slikt småtteri som vi opplevde her i vår fredelege krok i året som gjekk.
|