skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Pinnekjøt i kloakken

I Bergen er kloakken blitt tett nå i førjulstida. Årsaka er alt feittet som kjem frå restaurantar som serverer pinnekjøt.
Av Egil Johan Ree

Publisert 20.12.2004 13:11.
Ikkje veit vi om bergensarane et meir pinnekjøt enn andre folk, men nå går det i alle fall fram av meldingar frå Bergen at pinnekjøtkonsumet i vestlandsbyen er blitt eit kommunalt problem i førjulstida. Feitt frå pinnekjøtet tettar til kloakkleidningane i dei delane av byen der folk samlar seg til julebord. Vatn- og avløpsetaten i Bergen har det travelt med å opna tette røyr.

Slik kan det gå når feittsvoltne vestlendingar tar juleblotet på forskot slik skikken er blitt her i landet. I heidensk tid var juleblotet eit mektig ete- og drikkegilde for å markera at sola snudde. Å drikka jol, var det faste uttrykket dei brukte. Etter kvart fekk kyrkja hand om julefeiringa og formana oss til å tenkja på anna enn mat og drykk. Det hjelpte visst ikkje stort, for skikken med å eta og drikka har halde seg godt.

Men medan dei gamle heidningane nøgde seg med å feira i tida omkring vintersolkverv, startar vi i november og held det gåande med ete- og drikkegilde like fram til det er tid for å bera inn juletreet. Grisen som dei gamle slakta til ære for guden Frøy, må bøta med livet tidleg på året for å bli ribbe på dei tallause julebord. Det same gjeld sauene som forsyner oss med pinnekjøtet. Feite fåreribber blir salta og turka og eventuelt røykte for å bli førjulsmat for glupske og utålmodige nordmenn som ikkje kan venta til jul med å smaka på julematen.

I Bergen er det altså blitt eit problem. Det har seg visst slik at restaurantar er pliktige til å halda seg med såkalla feittavskiljarar. Det er ei innretning som skal fjerna feittet frå kokande kjøt slik at det ikkje renn ned i kloakken. I år har det ikkje fungert. Anten har restaurantane slurva med å fjerne feittet frå grytene, eller så har bergensarane gått amok ved buffetane og forlangt så mykje pinnekjøt i år at kokkane på kjøkenet ikkje har fått tid til å hindra at feittet gjekk i kloakken.

Kor som er, så har pinnekjøtetarane i Bergen skaffa ekstra arbeid til dei tilsette i vatn- og avløpsetaten. For å hindra at det same skjer neste år, kunne det kanskje vera ein tanke å tøma litt lutefisk og i avløpsrøyra. Så løyser kanskje feittet seg opp.



 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no