Dagsnytt 70 årDagsnytt i NRK radio feirar seg sjølv i dag. Det er i desse dagar 70 år sidan dagsnyttsendingane tok til.
Av Egil Johan Ree Publisert 17.12.2004 12:15. Døgnet rundt kan vi høyra dagsnyttsendingar. Det reknar vi som sjølvsagt i våre dagar. Dagsnyttsendingane kjem til faste tider, men skjer det verkeleg store ting, kan dagsnyttredaksjonen bryta inn i kva program som helst og vera først ute med saka. Datamaskinane gjer at meldingar om ein eksplosjon på andre sida av jorda nokre sekund seinare står på skjermen i Oslo.
Den første tida var det ikkje slik. Det var to sendingar om dagen, og meldingane kom i pakkar med bod frå NTB og vart opplesne av hallomannen.
Vi unge som kom til Dagsnytt tidleg i 1960-åra, opplevde at det var innført litt fleire sendingar og at meir moderne teknikk var på plass i redaksjonen. Det rulla inn stoff frå Norsk Telegrambyrå og andre kjelder på bråkande fjernskrivarar som stod inne i ikkje heilt lydtette skap. Vi reiv av lange papirremser og klypte ut dei meldingane vi ville ha.
Dagens sending i NRK opna med ein nyheitsbulleting kl 06,40 om morgonen. Eit underleg tidspunkt, men rykta ville ha det til at det var valt fordi hallomannen måtte ta båten frå Nesodden og ikkje kunne koma i studio før då.
Sjølvstendig journalistikk var det ikkje nemnande rom for i Dagsnytt i dei tider. Arbeidet gjekk stort sett ut på å velgja ut det byråstoffet vi ville ha og skriva det om til ledig nynorsk eller bokmål. Lenge var det slik at ein måtte vera varsam med meldingar om ulykker og andre dramatiske hendingar. Parolen var at ein ikkje måtte uroa eller skaka opp lydarane. Det kunne henda at eit norsk skipsforlis t. dømes, vart meldt i svensk radio før vi fekk høve til å gå ut med saka.
Til pliktene som dagsnyttmedarbeidar høyrde lenge det å lesa opp nytt frå Statsråd kvar fredag. Meldingane vart leverte i Dagsnytt i form av kopiar frå gamaldagse stensilmaskinar. Dei kom ofte i siste liten, og så måtte ein gå i studio og lesa så godt ein kunne dei ofte utydelege bokstavane på kopiarket. Det hende ein måtte improvisera litt.
Det var stort sett filologar som fekk jobb i Dagsnytt i dei tider. Stundom kunne ein få ei kjensle av at språket var viktigare enn innhaldet. Men så vart Torolf Elster programdirektør, og han ville ha meir journalistisk fart i sendingane. Folk med avisbakgrunn vart rekrutterte. Etter kvart vart Dagsnytt ein stadig viktigare del av programtilbodet i NRK. Dagens Dagsnytt-journalistar ville ha smilt overberande av det vi dreiv med for 40 år sidan.
|