skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Røkke-hus med mange peisar

Kjell Inge Røkke vurderer å byggja seg hus på 700 kvadratmeter med 32 rom. Samtidig blir det stadig dyrare for unge å få seg eit lite husvære til ein rimeleg pris.
Av Egil Johan Ree

Publisert 15.12.2004 07:36.
Det er ikkje for alle likt. I radioen høyrde vi i dag tidleg at prisen på små husvære har stige meir enn prisen på større. Sidan det er den såkalla marknaden som styrer prisen på husvære, er det altså den som får ta skulda for at unge folk som vil ha seg ein plass å bu, må betala stadig meir for å koma seg inn på bustadmarknaden. Det er dyrt å vera fattig, som det vart sagt i radioinnslaget.

Men ikkje alle som opererer i marknaden er fattige, som vi veit, og blant dei minst fattige finn vi fiskaren frå Molde, Kjell Inge Røkke som nyleg er blitt far igjen, og som har planar om å skaffa seg romslegare husvære. Det er slikt alle foreldre tenkjer på når familien veks. For tida bur han på Aker Brygge, men etter det som står i Dagens Næringsliv i dag, forstår vi at han ønskjer seg ut i meir landlege omgivnader. Folk frå Vestlandet har det gjerne slik.

Røkke skal vera i forhandlingar om kjøp av ei ti mål stor tomt i Asker der han har tenkt å byggja seg nytt husvære. Arkitekten har i det siste vore rundt hos naboane for å visa fram teikningane av det påtenkte huset. Det blir på 700 kvadratmeter og skal ha 32 rom og seks peisar. Den underjordiske garasjen skal ha plass til 14 bilar, og oppå skal det vera tennisbane. Symjebasseng høyrer sjølvsagt med, og dersom det er varmt nok i sjøen, er det berre å ta vegen ned til dei to sandstrendene der det også er plass til tre bryggjer.

Taksten for tomta er på 20 millionar kroner. Kva huset og resten av herlegdomen kjem til å kosta, har vi ikkje fått vita, og for så vidt har vi ikkje noko med det heller. Ein hake ved det heile er at Røkke ikkje har fått kjøpt tomta ennå. Ho er framleis til sals, og det skal finnast fleire interesserte kjøparar, seier mannen som skal stå for salet. Men sidan Røkke har kome så langt at han har laga planar og teikningar, endar det nok med at han får det som han vil.

Han får det gjerne som han vil, Kjell Inge Røkke, og mange er ganske misunte på han for det. Nå må han nok bu seg på å høyra spydige kommentarar til det planlagde huset i Asker, nett slik han fekk for hytta på fjellet med alle toaletta. Men det bryr han seg truleg lite om. Han gjer som han vil med pengane sine.

Men for det unge paret som må ut med over ein million for eit rom med kjøkenkrok i ein av dei større byane våre, er det kanskje litt underleg å tenkja på at somme meiner dei har bruk for eit hus på 700 kvadratmeter med seks peisar.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no