Minister i uniformForsvarsminister Kristin Krohn Devold tar ofte på seg militær uniform når ho er ute og inspiserer soldatar. Nå diskuterer offiserane om ho ikkje heller burde hatt sivile klede.
Av Egil Johan Ree Publisert 01.12.2004 14:05. Det kan ikkje vera lett å vera forsvarsminister. Stort sett er det ikkje anna enn kritikk å høyra. Anten det er overskriding av budsjetta eller øvingsfartøy som ligg ved kai fordi det manglar pengar til drivstoff, så er det Krohn Devold som må ta støyten. Nå har ho erta på seg offiserane fordi ho ofte ifører seg militær uniform. I VG i dag ser vi bilete av forsvarsministeren på vandring i Afghanistan i militær kamuflasjeuniform omgitt av politifolk og militære med skotklare maskinpistolar. Norske offiserar rasar over dette biletet, står det i avisa.
På nettsidene til Befalets Fellesorganisasjon og Norges Offisersforbund haglar kritikken mot Kristin Krohn Devold som tillet seg å gå i uniform når ho er ute for å sjå kva forsvaret driv med. Mange meiner at ho ikkje har lov til å bæra uniform. Forsvarsministeren har ikkje nokon militær kommandofunksjon og har difor ikkje rett til å opptre som militær leiar i uniform. Ofte går ho rundt i ei salig blanding av militært og sivilt antrekk. Hadde dette vore ein soldat, ville han ha fått refs, skriv forhandlingsleiar Jimmy Bjerkansmo i Befalets Fellesorganisasjon.
Andre debattantar hevdar at uniformsbruken er i strid med Geneve-konvensjonen som bl.a. definerer kven som er stridande og ikkje-stridande i krig. Ein innsendar meiner at det kan vera i strid med norsk lov når forsvarsministeren viser seg i uniform.
Om det er for å visa solidaritet med dei uniformskledde eller det er for å demonstrera autoritet at forsvarsministeren trekkjer i uniform, veit ikkje vi, men vi skjønar at det er farleg lende ho har gitt seg inn i. Militære offiserar skal ein ikkje spøkja med i utide. Og kva om resten av regjeringa skulle gi seg til å gjera det same som Krohn Devold? I Befalets Fellesorganisasjon ser dei for seg justisministeren i politiuniform og helseministeren i legefrakk.
I Afghanistan brukte Krohn Devold uniform då ho vart tatt i mot av president Karzai og inspiserte ein æresgarde saman med han. Ein inspiserer ikkje ein militærgarde i fotsid kjole, sa Krohn Devold.
Til det kan vel offiserane seia kvifor ikkje? I muslimske land er det jamvel mange mannfolk som går i fotside klede, så forsvarsministeren ville ikkje ha skilt seg nemnande ut om ho hadde tatt selskapskjole på seg. Men Krohn Devold ser ut til å trivast godt i uniform, så offiserane må nok gi opp tanken på å ha den militære bunaden for seg sjølv.
|