Sorg og glede ved Arafats båreVi som bur langt borte frå Midt-Austen er nøkternt opptatt av kva som vil skje politisk i området etter at Yasser Arafat er død. I Israel og dei palestinske områda diskuterer dei sjølvsagt også dette, men der har dødsfallet i tillegg utløyst sterke kjensler.
Av Egil Johan Ree Publisert 11.11.2004 14:20. -Terrorismen gudfar er død. Offisielt. Endeleg.
Dette er overskrifta i den israelske nettavisa Israel Insider i dag. Endeleg er Arafat borte! Det er gledesrop som kjem frå dei meir ytterleggåande israelarane.
Vi nøkterne nordmenn som bur langt frå sjølvmordsbombarar og okkupasjonssoldatar kan berre ta til etterretning dei sterke kjenslene som kjem til uttrykk på begge sider av muren og grensene mellom Israel og dei palestinske områda. Vi har ingen tradisjon for å gi så demonstrativt uttrykk for kva vi kjenner. Då den folkekjære kong Olav døydde, gjekk vi stillferdig opp til slottsbakken og sette eit lys i snøen. Så gjekk vi like stillferdig heim att.
I radioen høyrde vi i dag tidleg om palestinaren som brast i gråt då han skulle fortelja til Odd Karsten Tveit kva han meinte om dødsfallet. Vi høyrde om ein liten gut på Gaza-stripa som sa at nå ville han og døy. Nå blir det meldt frå Gaza at folk er ute i gatene. Bildekk er sette i brann. Folk med våpen skyt i lufta, mange gret og ungar kysser dei mange bileta av Arafat som er hengde opp.
Like sterke kjensler får utløp på israelsk side. Israels justisminister ønskjer dødsfallet velkomen og seier det er bra at verda er kvitt han. Jødar frå heile verda skriv til nettavisene i Israel og fortel kva dei synest om at Arafat er borte. Gratulerer med dagen, skriv ein innsendar frå USA. Nettavisa som vi nemnde tidlegare, hevdar at dei fleste israelarar såg på Arafat som ein løgnar, ein sjarlatan og ein massemordar. Etter ei tragikomisk, farseaktig veke er han endeleg og formelt erklært død, skriv nettavisa.
Her i vårt fredelege hjørne tar vi dødsfallet med fatning. For mange år sidan såg også vi på Arafat som ein farleg terrorist. Sympatien var på Israels side. Men så fekk vi etter kvart augo opp for kva palestinarane var blitt utsette for. Stemninga snudde. Radikal ungdom laga palestinakomitear og gjekk med palestinaskjerf. Høgre-veteranen Kåre Willoch vart Palestina-vennleg og Israel-kritisk.
Offisielt var vi nøytrale og ga fredsprisen på deling til israelarane og palestinarane. Terroristen Arafat var også blitt fredsforkjempar.
Men vi har ingen vanskar med å skjøna at dødsfallet har utløyst sterke kjensler blant dei som lever i denne urolege delen av verda der bomber og krig er like sannsynleg som fred og forsoning, og framtida kanskje endå meir usikker nå som Arafat er borte.
|