skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Plagiat eller ikkje?

Ein hissig debatt om plagiat går for seg i avisene nå om dagen. Mest spalteplass får plagiatskuldingane mot forfattaren Karsten Alnæs som har skrive bøkene i serien "Historien om Norge".
Av Egil Johan Ree

Publisert 10.11.2004 14:49.
Det går hardt for seg i kulturlivet om dagen. Tunge aktørar er på banen og sterke ord dirrar i spaltene. Målskive for dei hardaste plagiatskuldingane er forfattaren Karsten Alnæs og forlaget Gyldendal.

I leksikonet kan vi finna at plagiat er det same som bevisst lån frå eller etterlikning av ein kunstnars eller vitskapsmanns verk utan å oppgi kjelde. Ordet er også definert som litterært eller kunstnarleg tjuveri.

Det starta for eit års tid sidan då journalist Jon Hustad i Morgenbladet hevda at Karsten Alnæs hadde drive omfattande plagiering i det populære verket "Historien om Norge". Alnæs skulle ha forsynt seg grovt av bøkene til norske historikarar utan å vera særleg nøye med å oppgi kvar han hade stoffet frå. Forlag og forfattar tok sjølvsagt til motmæle. Det var ikkje plagiat, sa dei, men vedgjekk at dei nok kunne ha vore flinkare til å oppgi kjelder, og forlaget lova å koma med korrigerte utgåver.

Så dabba diskusjonen av like til forlagssjef Geir Mork skreiv ein artikkel i tidsskriftet Samtiden om saka, og nå er aktørane i krigen igjen. Lærde professorar hamrar laus på forlagssjefen. Journalisten i Morgenbladet har og kasta seg inn i diskusjonen igjen.

Samtidig har kulturredaktør Sven Egil Omdal i Stavanger Aftenblad skulda NRK-journalist Arnt Stefansen for å vera farleg nær plagiat i ei bok han har skrive om Spania. Stefansens tekst skal vera mistenkeleg lik teksten i ei Spania-bok skriven av ein amerikansk journalist og forfattar.

I dag melder så Nettavisen at tre forfattarar kan koma til å saksøkja Dan Brown og forlaget hans med krav om mange hundre millionar kroner. I boka Da Vinci-koden skal Brown ha stole stoff frå ei bok dei tre har skrive.

Nå er det ikkje noko nytt at forfattarar og andre kunstnarar blir skulda for plagiat.
Knut Hamsun vart i si tid mistenkt for å ha plagiert Dostojevskij. Den russisk-amerikanske forfattaren Vladimir Nabokov skal ha henta stoffet i boka Lolita frå ei tysk novelle, og Joseph Hellers bestseljar-roman Catch-22 skal vera påfallande lik ei bok skriven av ein annan amerikanar som ikkje kom på bestselgjarlistene.

Det er nok ikkje alltid lett å vera nyskapande og original, men dei som forsyner seg av andre sine ord og tankar, må finna seg i å koma i søkjelyset. Så får dei lærde avgjera om det er plagiat eller om det skal kallast noko anna.






 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no