skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Yassir Arafat og Francesco Franco

Eit stort internasjonalt pressekorps følgjer Yassir Arafats kamp mot døden på eit sjukehus i Paris. Situasjonen minner mykje om den som var i Madrid i 1975 då den spanske diktatoren Franco låg for døden.
Av Egil Johan Ree

Publisert 05.11.2004 14:20.
I desse dagar følgjer verda frå time til time med på korleis det går på sjukehuset utanfor Paris. Slik var det og hausten 1975 då Francisco Franco låg for døden på eit sjukehus i Madrid. Eit stort internasjonalt pressekorps var på plass i byen. Alle visste at det gjekk mot slutten for den 83 år gamle mannen som hadde styrt Spania med hard hand i 36 år, men sjukehus og styresmakter i Madrid var like sparsame med opplysningar om tilstanden som sjukehuset i Paris og dei palestinske styresmaktene er i dag.

Det svirra rykte om at Franco var i koma og at han vart halden kunstig i live ved hjelp av avansert medisinsk utstyr, men ingen visste noko sikkert. Det vart stadig vanskelegare for oss journalistar som var der, å finna nye vriar på rapportane våre, for dødskampen drog ut i fleire veker.

I dei palestinske områda er situasjonen spent i desse dagar. Folk spør seg kva som skal skje etter at Arafat er borte. I kulissane går det for seg eit politisk spel om kven som skal ta styringa etter Arafat.

I Madrid var det liknande tilstandar i 1975. Stemninga i byen var nervøs, og bak kulissane var det heilt sikkert også der stor aktivitet blant politikarane som hadde ambisjonar om å styra landet etter at Franco var borte. Dei fleste av oss skandinavar budde på eit hotell som var drive av svenske interesser. Skandinavia var ikkje kjent for å vera Franco-venleg, og ein dag storma unge Franco-tilhengjarar inn og raserte resepsjonen. Vi fann det tryggast å flytta til andre hotell.

Komande politikarar låg lågt i terrenget, men Henry Notaker frå NRK fjernsynet hadde gode kontaktar og greidde å få den unge generalsekretæren i sosialistpartiet til hotellet vårt til eit intervju. Det var den seinare mangeårige statsministeren i Spania, Felipe Gonzalez.

Ein annan politikar inviterte utanlandske journalistar til eit møte på ein kafe ute i byen. Då vi kom dit, vart vi møtte av sivile politifolk som av ein eller annan grunn fann det naudsynt å kroppsvisitera oss. Politikaren såg vi ikkje noko til.

Til slutt kom så meldinga om at Franco var død. Prins Juan Carlos vart innsett som konge slik Franco hadde bestemt. Moderate politikarar greide å manøvrera slik at Spania litt om litt utvikla seg til eit moderne, vestleg demokrati. Nå spørst det korleis dei palestinske politikarane greier å manøvrera etter at Arafat er borte.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no