skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Helst ville vi hatt John Kerry

President Bush ser ut til å ha vunne valet i USA. Det er visst ikkje nordmenn flest nøgde med. Dei hadde helst sett at John Kerry hadde vunne.
Av Egil Johan Ree

Publisert 03.11.2004 14:03.
Amerikanarane veit nok ikkje kva dei har gitt seg ut på når det nå ser ut til at dei har gitt George W. Bush fire nye år i Det kvite hus. Hadde vi nordmenn hatt røysterett, som vi sjølvsagt burde hatt, skulle vi nok greid å få kasta han ut slik at John Kerry kunne ha flytta inn. Kommentarane frå norske ekspertar og politikarar tyder på at det kjem til å gå galne vegen med USA dei neste fire åra.

Mest vonbroten er førsteamanuensis Ole O. Moen ved Universitetet i Oslo, eksperten som alle fjernsynssjåarar kjenner som USA-kommentator. Ein valsiger for Bush lovar ikkje godt for USA, seier han. Bush representerer noko av det minst attraktive i amerikansk kultur: sjølvrettferd og tanken om at USA er eineståande og har moralsk rett til å handla på eiga hand i utanrikspolitikken.

Kristin Halvorsen meiner ein sjølvsikker Bush kjem til å provosera resten av verda i endå større grad enn han har gjort til nå. Det ser mørkt ut nå når det gjeld å få til ei løysing i Irak, meiner Halvorsen. Jens Stoltenberg hadde vona at Kerry skulle vinna, men dersom Stoltenberg blir statsminister neste år, skal han ikkje ha vanskar med å samarbeida med Bush, seier han. Så pass må ein statsministerkandidat seia, for han kan jo ikkje avskriva USA om han skulle få styringa her i landet.

Men helst ville vi altså hatt Kerry, endå så stiv og lite folkeleg han ser ut. Vi likar ikkje denne Texas-cowboyen Bush med det sjølvsikre smilet. Vi likar ikkje at han stadig understrekar kor kristeleg han er, at han set Amerika først og resten av verda i andre rekkje, at han ikkje samrår seg med FN og andre internasjonale organ som vi likar så godt, at han ikkje vil ha noko med Kyoto-avtalen om utslepp å gjera.

Men så er det denne vesle haken ved det at vi ikkje har røysterett i USA. Det er amerikanarane som har valt Bush framfor Kerry. Rett nok var det ikkje noko stort fleirtal han fekk, og bortimot halvparten av dei amerikanske velgjarane er visst meir misnøgde med Bush enn dei har vore med dei fleste tidlegare sitjande presidentar. Men eit fleirtal av velgjarane i USA ser altså ut til å setja pris på dei kristelege og moralske verdiar Bush står for. Dei trur at det er han som kan ordna opp både heime og ute i den farlege verda. Det kan vi lika eller ikkje lika, men slik er det: Det var amerikanarane sitt val.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no