skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Den skadelege alkoholen

Staten skal bruka 25 millionar kroner på ein kampanje for å redusera skadeverknadene av alkohol. Mange fagfolk og kommentatorar er skeptiske til kampanjen.
Av Egil Johan Ree

Publisert 22.10.2004 15:31.
Nå er han frampå igjen, denne Høybråten. Først greide han å nekta oss å røykja på kafear og restaurantar, nå skal han skræma oss til å slutta å drikka! For ikkje å snakka om at han overmodig prøver å samla heile Norden til kamp mot alkoholbruken i Europa.

Slik tenkjer mange etter at Sosial- og helsedirektoratet lanserte kampanjen i går. Både skeptiske og sarkastiske kommentarar kunne høyrast. Direktoratet på si side hevdar at det korkje er snakk om avskrekking eller skræming. Folk med moderat alkoholforbruk skal ikkje kjenna seg truga. Søkjelyset skal rettast mot dei negative sidene ved alkohol.

Mange har lite tru på slike kampanjar og meiner at pengane kunne vore brukte på betre måtar, til dømes til å skapa ungdomsmiljø utan drikkepress. Somme flirer av Høybråten som trur at han kan læra europearane betre drikkevanar. Han er halen som skal logra med heile hunden, som det stod i ein kommentar. Det er liksom typisk for vesle Noreg å fortelja resten av verda korleis dei bør leva.

Men samtidig kjem det melding frå vinlandet Frankrike om at regjeringa nå vurderer om vinflaskene skal utstyrast med åtvaring på etikettane. Det er tilfelle snakk om å åtvara gravide mot å drikka alkohol. Tidlegare har dei franske styresmaktene innført promillegrenser for bilførarar slik at det ikkje lenger er fritt fram for å gi seg ut på vegane etter ein betre lunsj eller middag.

I Finland har dei oppdaga store skadeverknader etter at prisane på alkohol vart sette ned. Jamvel danskane har tatt til å interessera seg for kor stor skade alkoholen gjer i samfunnet. Det er ikkje berre her i landet at kostnaden ved helseskadene i samband med alkoholmisbruk kjem opp i milliardbeløp.

Dei fleste av oss likar ikkje å tenkja på slikt. Dei fleste er moderate brukarar av alkoholhaldige drikkevarer. Det finst jamvel fråhaldsfolk att her i landet. Men somme drikk for mykje, her som i andre land. Og som vi skjønar av meldinga frå Frankrike, kan det henda at også politikarar andre stader tar til å tenkja på korleis forbruket kan reduserast. Det blir nok ikkje lett ute i Europa der vinbønder og spritprodusentar representer sterke økonomiske krefter, men det er kanskje grunn til å tenkja seg om før ein harsellerer for mykje med våre tradisjonelle norske restriksjonar når det gjeld sterke saker.




 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no