skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Kor farleg er bjørnen for menneske?

I Sverige er ein elgjeger blitt drepen av bjørn. Ekspertar på bjørn hevdar stadig at bjørnen ikkje er farleg for menneske, men den påstanden kan bli vanskelegare å forsvara etter dette.
Av Egil Johan Ree

Publisert 19.10.2004 14:00.
Vi veit ikkje nøyaktig kva som skjedde i Norrbotten. Elgjegeren vart meld sakna før helga og funnen død i går. Det er ingen tvil om at han var drepen av ein bjørn. Bjørnen var i nærleiken og vart rekna som så farleg at bergingsmannskapet først i dag vågar å gå inn for å henta mannen. Bjørnen var såra, men vi veit ikkje om han vart såra før han gjekk til åtak på jegeren - eller om jegeren skaut for å forsvara seg då han såg bjørnen koma mot seg.

Det er svært sjeldan at bjørn drep menneske. I Sverige er det over 100 år sidan det skjedde, her i landet nesten like lenge, men i Finland vart ein mosjonist så skambiten for seks år sidan at han blødde i hel. Ekspertane har i alle fall godt statistisk grunnlag for å hevda at bjørnar stort sett ikkje tar livet av folk. Bjørnar held seg unna menneske så lenge dei ikkje kjenner seg truga, seier dei som har studert saka. Men den svenske avisa Aftonbladet listar i dag opp 11 tilfelle der bjørnar dei siste åtte åra har skada folk i Sverige.

For sauebønder og andre i dei stroka av Noreg der styresmaktene har bestemt at bjørnen skal få lov til å vera, er dette interessante opplysningar. Folk i desse traktene likar ikkje å ha bjørn i nabolaget. Rett nok er bjørnen for det meste vegetarianar, men han kvir seg ikkje for å ta ein sau eller eit anna husdyr når han får lyst. Og jegarar, bærplukkarar og andre som ferdast i skog og mark har lite lyst til å møta bamsefar eller bamsemor. Det hjelper ikkje kva ekspertane har sagt om bjørnen sine vanar. Å dumpa på ein bjørn i skogen kjennest ikkje trygt.

Så nå får vi vel ein ny diskusjon om kor mange bjørnar vi bør ha her i landet. Kor mange det er i dag, er visst nokså uklart, men i Sverige har bestanden auka sterkt dei siste åra, så der reknar dei nå med at det er om lag 2000 dyr. Ein del av desse kan godt tenkjast å ta turen over grensa til oss. Det må leva med, for vi har internasjonalt forplikta oss til å ha ein viss bestand av slike ville dyr.

Men ville dyr og husdyr går ikkje godt i hop, og nå har vi sett i Sverige at bjørnen også kan vera farleg for menneske. Ekspertane er på styresmaktene si side og forsvarar at vi skal ha bjørn. Dei kjem til å hevda at det som skjedde i Sverige i helga var eit unntak. Men i diskusjonane som kjem til å halda fram, skal dei nok få høyra at folk har notert seg det som skjedde med den stakkars svenske jegeren.











 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no