Grumsete amerikansk presidentvalkampSkitkasting og grumsete historier frå fortida ser ut til å dominera kampen om å bli den neste presidenten i USA. Det er mindre snakk om Irak-krigen og viktige innanrikspolitiske problem.
Av Egil Johan Ree Publisert 12.10.2004 12:23. Vi kunne godt tenkt oss å hatt eit ord med i laget når den neste presidenten i USA skal velgjast, men det er nå ein gong ikkje vi, men amerikanarane som skal til valurnene om nokre veker. Då skulle vi tru at dei var opptatt av kva kandidatane meinte om den bedrøvelege situasjonen i Irak, om amerikansk økonomi og helsepolitikk og slikt som opptar amerikanarane i kvardagen, men så vidt vi kan sjå er det heilt andre ting som dominerer valkampen.
Den store saka denne veka har vore ei skandalebok om familien Bush der forfattarinna har prøvd å grava fram det som måtte finnast av grums i fortida til den nåverande presidenten, far hans og bestefaren og konene deira. Her er det pikante avsløringar i rikelege mengder. Den nåverande presidenten George W. Bush, som alle veit hadde ei utagerande ungdomstid der alkohol spela ei viktig rolle, blir i boka blant anna skulda for også å ha prøvd seg med kokain fleire gonger.
Jamvel om forfattarinna av boka ikkje er kjend for å vera blant dei mest pålitelege, skulle ein tru at slike påstandar ville så tvil om George W. Bush var den rette til å leia USA dei neste fire åra, men vetuge observatørar som avisa New York Times meiner at boka kan ha motsett verknad. For Bush og kampanjeleiarane hans kan avfeia boka som sladder samtidig som dei veit at så lenge velgjarane er opptatt av slikt, kan Bush sleppa å snakka om alvorlegare ting som arbeidsløyse og velferdstiltak.
Det er heller ikkje sikkert at avsløringar om presidentens uklare militære fortid kan koma til å skada han i valkampen. Fjernsynsselskapet CBS la i sist veke fram dokument som skulle visa at Bush etter press frå den politisk mektige faren slapp lettvint unna militærtenesta i Nasjonalgarden. Nå er det sådd tvil om dokumenta er ekte. Den mest subtile tolkinga er faktisk at dokumenta er prodserte av president Bush sine eigne valmedarbeidarar som satsa på at skuldingane skulle bli avslørde som falske og at det så skulle slå tilbake på utfordraren John Kerry.
Det kan så menn vera tilfelle, for dei fleste triks er tillatt i amerikansk valkamp, og saftige avsløringar skaffar større overskrifter enn traurige meiningar om innan- og utanrikspolitikk.
|