skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Punktum for barbarisk jakt

Det britiske Underhuset kjem truleg i dag til å vedta forbod mot den tradisjonsrike jakta med hundar som drep revar og harar. Motstandarane av forbodet har varsla demonstrasjonar framfor nasjonalforsamlinga.
Av Egil Johan Ree

Publisert 12.10.2004 12:22.
Om vi ikkje har vore der sjølv i jaktsesongen, så har vi sett dei på kino eller i fjernsynet: Uniformerte jegarar til hest, dei fleste menn, men og ei og anna kvinne, og så flokkar med blodtørste hundar som ventar på signalet til å ta opp jakta på ein stakkars rev eller hare som måtte gøyma seg ute i terrenget. Raude jakker, svarte hovudplagg, strame bukser og ridestøvlar - uniformen må vera korrekt, faste ritual må følgjast.

Denne forma for jakt der byttet blir rive sund av hundane, har lange tradisjonar i Storbritannia. Alt på 1400-talet dreiv dei med det; den meir moderne revejakta vart til på 1800-talet som selskapsleik for den britiske overklassa. Jakta nådde eit høgdepunkt av popularitet i tida før første verdskrigen. Seinare i det førre hundreåret vart det etter kvart vanskelegare å praktisera denne forma for sport fordi mange store eigedomar vart oppstykka og inngjerda med piggtråd, men og fordi dyrevernorganisasjonar og andre tok til motmæle mot slike barbariske overgrep mot dyr.

Motstanden mot jakta har stadig auka, og i mange år har politikarar arbeidd for å få til eit forbod. Nå er saka omsider komen til avrøysting i Underhuset, og alt tyder på at huset i dag vedtar å forby jakt på rev og hare med hund. Etterpå må lova gjennom Overhuset, men om medlemene der røystar imot, finst det ein likevel ein parlamentarisk utveg for regjeringa til å få forbodet sett i verk.

Tilhengjarane av jakta kjem til å møta opp framfor Underhuset i dag for å protestera. Dei hevdar at lova er eit overgrep frå eit urbant fleirtal mot eit landleg mindretal som held gamle, lokale tradisjonar i hevd. Det er eit åtak på sjølve fridomen, seier jaktentusiastane, regjeringa forstår ikkje kva som rører seg på landsbygda.

Den britiske avisa Guardian har ein viss sans for begge sider, går det fram av ein leiarartikkel i dag. Ingen kan nekta for at denne jakta med hundar er grufull og barbarisk, men eit mindretal har og ein rett til å halda vedlike ein tradisjon, skriv The Guardian. Sidan det ikkje er mogeleg å finna eit kompromiss, er det like greit at lova i dag blir vedtatt. Så kan politikarane omsider få tid til å konsentrera seg om viktigare saker.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no