skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Kosmetiske endringar

Ein frikyrkjepastor har kome med framlegg om at Kristeleg Folkeparti skiftar namn. Pastoren meiner partiet kan få 20 pst. av velgjarane dersom ordet kristeleg blir fjerna.
Av Egil Johan Ree

Publisert 15.09.2004 10:00.
Trua på at kosmetiske endringar skal gjera underverk, er sterk i våre dagar. I fjernsynet i kveld kan vi sjå programmet "Ekstrem forvandling" der folk som er misnøgde med korleis dei ser ut, legg seg under kniven i von om å få eit fjes som er meir i samsvar med den allmenne oppfatning av korleis eit pent fjes skal sjå ut.

Samtidig kjem pastor Åge Åleskjær i Oslo Kristne Senter med framlegg om å pynta på namnet Kristeleg Folkeparti. Partiet slit som kjent med oppslutnaden i desse dagar, og det vil pastoren gjerne gjera noko med. Han trur at dersom ein fjernar ordet kristeleg frå partinamnet, så vil velgjarane koma strøymande.

Trua på underverk er kanskje større i det karismatiske miljøet Åleskjær tilhøyrer enn på partikontoret i Kristeleg Folkeparti. Partiformann og framtidig rogalandsrepresentant på Tinget, Dagfinn Høybråten, ser i alle fall nøkternt på saka, så han vil ikkje ha noko namneskifte.

Det vil derimot dei nye eigarane av verksemda Den Kongelige Mynt på Kongsberg. Dette selskapet lagar som kjent alle myntane våre og har gjort det i kongens namn i over 300 år. Tidlegare var det Noregs Bank som åtte myntfabrikken, men i samsvar med tidsånda vart også denne viktige verksemda privatisert for ei stund sidan. Det er lenge sidan kongen hadde noko med myntproduksjonen å gjera, så for så vidt er det greit at verksemda nå vil kalla seg Det Norske Myntverket.

Greit er det for så vidt og med alle dei andre som i seinare tid har skifta til meir eller mindre fantasifulle og uforståelege namn, men ein kan jo lura på kvifor dei har gjort det. Før hadde vi Televerket som nå er blitt til Telenor men som har skilt ut installasjonsverksemda under namnet Bravida. I si tid hadde vi Statens vegvesen som alle skjøna dreiv med vegar. Nå er det Mesta som skal stella med vegane våre. På våre kantar hadde vi Stavanger og omegn trafikkselskap som frakta folk med bussar. Nå har dei tatt namnet Kolumbus utan at selskapet av den grunn har tenkt å frakta folk til Amerika.

Ønskjet om kosmetiske endringar er såleis stort i våre dagar, kva det nå kan koma av. Når det gjeld selskapa som har skifta namn, kan vi ikkje sjå at dei har gitt oss nemnande betre tilbod. Når det gjeld dei som skal under kniven i kveld, kan det vel henda dei får penare fjes, men elles er dei vel dei same som før.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no