Dei fæle vikinganeVikingane var mykje verre enn det vi nordmenn har trudd til nå. Forfattaren Yngvar Ustvedt har skrive bok om dei for å ta livet av alle løgnene om vikingane som vi er oppflaska med.
Av Egil Johan Ree Publisert 13.09.2004 14:15. Vi har nå alltid høyrt at dei var fæle barbarar som herja og sloss, plyndra og valdtok på ferdene sine, men samtidig er vi blitt fortalt at dei og dreiv med fredeleg handel og tok med seg europeisk kultur tilbake til heimlandet. Gjennom vikingferdene vart Norden opptatt i den store europeiske fellesskapen, står det i eit norsk leksikon.
Slik har vi då sett litt stort på det og kanskje idyllisert dei skandinaviske vikingane. I den nasjonalromantiske litteraturen vart dei gjerne framstilte som barske krigsheltar, folk vi burde vera stolte av å ha som forfedre.
Nå må vi visst endra oppfatning. Aftenposten fortel i dag om ei ny bok av vår gamle NRK-kollega, filologen og forfattaren Yngvar Ustvedt som har sett seg føre å ta livet av mytane om vikingane. Om vi forstår det rett, burde vi helst skjemmast over å vera i slekt med desse kjeltringane, for det er lite positivt å fortelja om dei.
Det var ikkje så mange av dei som vi kanskje har trudd. Ustvedt skriv at berre om lag ein prosent av skandinavane var vikingar, kanskje så lite som ein halv prosent. Resten av folket her oppe i nord var fredelege bønder og handelsmenn som ikkje hadde det minste til overs for vikingane. Tvert om vart vikingane hata av folk flest, hevdar Ustvedt.
Denne vesle minoriteten herja og drap og valdtok over alt der dei kom. Dei brukte ikkje fluesopp til å rusa seg, slik vi stundom har høyrt, men dei greide å øsa seg opp til ein villskap som ingen hadde sett før. Somme av dei var rett og slett sinnssjuke. Dei dreiv slett ikkje handel, men dei tok slavar som dei selde. Stundom let dei seg verva av utanlandske herskarar og opererte dermed som ein slag leigesoldatar.
Ordet viking tyder sjørøvar eller illgjerningsmann, så det er ikkje rett å kalla folk flest i den såkalla vikingtida for vikingar. Dei eigentlege vikingane var ein pest og ein plage for alle dei kom i kontakt med, både i utlandet og heime. Vi må berre gløyma det positive vi måtte ha høyrt om desse forfedrane våre, hevdar Yngvar Ustvedt.
Vi som ikkje er historikarar, får jo berre ta til etterretning det Ustvedt fortel oss i den nye boka. Så får vi venta på diskusjonen som vi må rekna med kjem, for det finst sakte ein og annan historikar som har eit anna syn på dei tvilsame forfedrane våre.
|