Tyskarar vil ha muren tilbakeEi meiningsmåling i Tyskland viser at kvar femte tyskar vil at landet skal bli delt igjen. Mange meiner at kostnadene ved samanslåinga har vore altfor høge.
Av Egil Johan Ree Publisert 09.09.2004 14:25. Kvar femte tyskar vil ha tilbake muren som i etterkrigstida delte Tyskland. Dette les vi i avisa i dag. Nå skal ein ikkje ta det heilt bokstaveleg, for dei færraste kan nok tenkja seg at den forhatte muren skal byggjast opp att. Men det er altså så mange som 24 prosent av vest-tyskarane som nå går inn for at landet bør delast på nytt, at det blir to statar slik det var i heile etterkrigstida fram til 1990.
Vi hugsar alle dei dramatiske fjernsynsbileta i november 1989 då jublande aust-tyskarar klatra over muren i Berlin. Aust og vest møttest og skåla i champagne for å feira at den kalde krigen var over, at dei nå kunne reisa fritt til kvarandre. Mengder av aust-tyske Trabant'ar og Wartburg'ar dukka opp på vest-tyske vegar, fulle av nyfikne folk som ville sjå korleis det var i vest. Snart tømde aust-tyskarane den vestlege bruktbilparken for å skifta ut dei bråkete og illeluktande bilane dei sjølv hadde produsert.
Men etter ei tid melde kvardagen seg. Tyskarane i aust såg at dei tente langt mindre enn tyskarane i vest. Aust-tyske verksemder vart ulønsame og måtte leggja ned. Mange vart arbeidslause. Mange ting som før hadde vore billeg eller gratis, kosta nå pengar.
DDR-samfunnet hadde rett nok vore strengt og undertrykkjande, med sensur og byråkrati, hemmeleg politi og alt det som høyrer totalitære statar til, men det hadde vore økonomisk trygt. Staten tok stort sett vare på borgarane frå vogge til grav. Ein viss nostalgi for den gamle tida tok til å melda seg.
I vest var det mange som tykte det var blitt altfor dyrt å ta seg av dei nye medborgarane i aust. Samanslåinga kosta flesk.
I dag er det vanskelege tider i heile Tyskland. Den sjenerøse velferdsstaten er blitt for dyr. Regjeringa har varsla innstramingar som kjem til å råka mange på pungen. Politisk gir det seg utslag i at stadig fleire i dei aust-tyske delstatane nå kan tenkja seg å røysta på partiet PDS, arvtakaren etter det aust-tyske kommunistpartiet. I delstaten Sachsen kan PDS koma til å bli det største partiet i valet seinare denne månaden.
I denne situasjonen er det kanskje ikkje så rart at somme drøymer seg tilbake til gamle dagar, men ein bør og nemna den delen av meiningsmålinga som viser at godt over halvparten av aust-tyskarane meiner dei har det betre i dag enn dei hadde det før muren fall.
|