Mark Thatcher - uregjerleg statsministerson.Mark Thatcher, sonen til den tidlegare britiske statsministeren Margaret Thatcher, vart arrestert i går og sit nå i husarrest i Sør-Afrika. Han er klaga for å vera medskuldig i eit kuppforsøk i det afrikanske landet Ekvatorial-Guinea.
Av Egil Johan Ree Publisert 26.08.2004 14:01. Han kan kalla seg Sir Mark, for i fjor arva han baronett-tittelen etter far sin, mannen til tidlegare statsminister Margaret Thatcher. Men den adelege statusen kjem neppe til å hjelpa han dersom styresmaktene i Sør-Afrika vinn fram med skuldingane mot han. Dei er så alvorlege at han i går tidleg vart henta ut or senga og arrestert. Seinare vart han sett fri mot ein kausjon på eit par millionar kroner, og nå sit han heime i husarrest i ein eksklusiv forstad til Cape Town.
Skuldingane mot Mark Thatcher går ut på at han skal ha vore med og finansiert eit kuppforsøk mot presidenten i det vesle landet Ekvatorial-Guinea. Det har tradisjonelt vore eit fattig og vanstyrt land, men nå er det funne olje der, så dermed er det blitt eit attraktivt område for forretningsfolk. Leiaren for kuppforsøket var ein god ven av Mark Thatcher, Simon Mann, ein tidlegare britisk offiser som i mange år har drive tvilsame forretningar og formidling av leigesoldatar i Afrika. Han sit nå i fengsel i Zimbabwe etter det mislukka kuppet.
Mark Thatcher har og ei nokså frynsete fortid som forretningsmann. Han har drive med juvelar og olje, våpen og bankverksemd og fleire andre ting. Ei tid køyrde han bilrace, og samband med det vart han vidgjeten då han var sporlaust borte i seks dagar i Shara i 1982 og ein stor leiteaksjon vart sett i gang.
Han var elles godt kjend for å bruka namnet til mor si utan hemningar for å skaffa seg fordelar. Han oppga gjerne Downing Street som forretningsadresse og lokka forretningsfolk med at dei skulle få møta statsministeren. Margaret Thatcher kom meir enn ein gong opp i pinlege situasjonar på grunn av sonen sine frekke påfunn. Ein gong spurde han ein av mora sine rådgivarar kva han kunne gjera for at ho skulle bli attvald. Dra ut av landet, var svaret han fekk.
Det gjorde han då og ei tid etter, og dei siste åra han har budd i Sør Afrika. Han skal ha samla seg ein solid millionformue der, og mange stiller spørsmål ved korleis han har greid det.
Mora, Margaret Thatcher, har alltid støtta og forsvara den uregjerlege sonen, men nå er ho ei gamal og ikkje altfor sprek dame, så om han blir funnen skuldig i det han er sikta for nå, er det nok ikkje stort ho kan gjera for han.
|