skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Statleg surr om ein gamal traktor

Byråkratiet er ikkje alltid like lett å ha med å gjera. I desse dagar har personar som for lengst er døde, fått krav om årsavgift for traktorar, mopedar og veterankøyretøy som i mange tilfelle ikkje eksisterer lenger.
Av Egil Johan Ree

Publisert 24.08.2004 14:28.
Gamaldags byråkrati og moderne dataregister kjem stundom på kollisjonskurs. Tusenvis av sakeslause borgarar har i desse dagar fått krav frå Tollvesenet om å betala årsavgift for gamle traktorar, mopedar og veterankøyretøy. Krava er i mange tilfelle adresserte til slektningar som for lengst har forlatt denne verda.

I vårt tilfelle kom brevet til ein far som døydde for 17 år sidan. Medan han levde, åtte han ein gamal traktor av merket Porsche, modell 1972. Traktoren var for så vidt i orden. Han rusla og gjekk, men nokon stor verdi representerte han ikkje, og arvingane hadde ikkje bruk for han. Han vart difor avertert for sal og seld til ein kjøpar frå den andre sida av fylkesgrensa.

Det var få formalitetar i samband med salet. Det eksisterer ingen dokument, og ingen hugsar lenger namnet på kjøparen. Om traktoren framleis sviv eller om han er hogd opp og blitt til spiker, veit vi ikkje, men krav om årsavgift har vi altså fått, og nåde oss om vi ikkje gir staten skikkeleg beskjed om korleis situasjonen er. Då blir det purring og krav om tilleggsavgift, eventuelt tvangsinndriving av årsavgifta.

For at staten skal få hjelp til å ordna opp i rotet sitt og vi sleppa å betala årsavgift, må vi bruka tid og krefter på å skaffa oss eit skjema frå Vegvesenet. Der må ein dokumentera at ein ikkje lenger er eigar av køyretøyet. Vegvesenet vil då ha salsmelding der kjøpar og selgjar har skrive under. Vesenet gjer tydeleg merksam på at det er straffbart å avgi falsk forklaring.

I vårt tilfelle ser vi oss ikkje i stand til å dokumentera noko som helst, så då risikerer vi vel at staten kjem på døra for å sjå om vi har gøymt traktoren for å unndra oss årsavgifta. Så vidt vi har forstått, er det mange som er i same situasjon som oss, så det kan bli ei travel tid for staten. I avisa ser vi at dei alt har tilsett 13 personar som berre har til oppgåve å svara på telefonar frå frustrerte mottakarar av årsavgift-krav.

Vi lovar å svara staten så godt vi kan, så får vi berre vona at han trur på oss. Men vi kjenner oss ikkje trygge på det statlege byråkratiet. Her om dagen fekk vi brev frå forsvaret med melding om at vi snart skulle få tildelt krigstenestekort med beskjed om kvar vi skulle møta i tilfelle mobilisering. Det er mange år sidan vi i samsvar med lovar og reglar om aldersgrense vart sletta av lista over vernepliktige. Skulle staten likevel ha bruk for oss til å forsvara fedrelandet, får vi vel stilla, men traktor har vi altså ikkje.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no