skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Ny hovudstad i Sør-Korea?

Regjeringa i Sør-Korea har planar om å byggja ein ny hovudstad som skal avløysa Seoul. Landet skal dermed prøva på det same som Brasil i si tid gjorde.
Av Egil Johan Ree

Publisert 12.08.2004 15:23.
Alle regjeringar drøymer om å gjera storverk som kan bli ståande etter dei og få omtale i framtidige historiebøker. Regjeringa i Sør-Korea kan trygt rekna med å ha sikra seg eit solid ettermæle dersom ho får realisert tanken om å byggja ein ny hovudstad.

Regjeringa vil gjerne ut av Seoul, for byen er trong og overbefolka. Tanken er å byggja den nye byen i den midtre delen av landet. Tidsplanen er at dei første innbyggjarane skal kunna flytta inn i 2007, og byen skal stå ferdig i 2012. Det er ein ambisiøs plan, og det er ikkje sikkert at han lar seg gjennomføra.

Opposisjonen i Sør-Korea meiner at regjeringa ikkje har folket med seg i denne saka. Dei over ti millionar innbyggjarane i Seoul kan koma til å protestera mot at Seoul blir fråtatt rolla som hovudstad. Den rolla har byen hatt sidan det 14. hundreåret. Så er det utan tvil mange som vil steila ved tanken på kostnaden ved å byggja ein heilt ny by. Talet regjeringa opererer med er 265 milliardar kroner. Dessutan kan det melda seg juridiske hindringar. Grunnlovsdomstolen er for tida i arbeid med å vurdera om det er lovleg å flytta hovudstaden.

Dersom det blir aktuelt å byggja ein ny hovudstad, kan sør-koreanarane kanskje ta seg ein tur til av Brasil. Der hadde dei i eit par hundre år fabla om å byggja ny hovudstad, og i 1950-åra vart draumen realisert. I 1960 flytta, parlament, regjering og statsadministrasjon frå Rio de Janeiro til Brasilia, den nye byen langt inne i ingenmannsland på den brasilianske høgsletta, planlagt av Lucio Costa og sterkt prega av dei modernistiske byggverka som var teikna av arkitekten Oscar Niemeyer.

Det skulle vera ein idealby med eit par hundre tusen innbyggjarar. I dag bur det over to millionar der, mange i slumbyar utanfor bykjernen. Mange meiner Brasilia er upersonleg og steril, og få snakkar i dag om at byen er blitt den motoren for utvikling av det brasilianske innlandet som planen var. Tvert om har vegnettet som knyter Brasilia saman med resten av landet gjort det lettare å koma til regnskogen i Amazonas og dermed utsetja dette sårbare økosystemet for grådig utnytting.

Men Brasilia er etablert som Brasils hovudstad, og nå kan altså Sør-Korea få eit tilsvarande prosjekt. Kanskje kan sør-koreanarane læra litt av brasilianarane.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no