skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Krise for fransk vin

Den franske vinindustrien har store problem. Eksporten dalar og franskmennene drikk mindre vin enn før. Vinprodusentane krev nye tiltak for å få fart i den tradisjonsrike næringa.
Av Egil Johan Ree

Publisert 10.08.2004 11:11.
Her i landet er det forbode å reklamera for eit så tvilsamt produkt som vin, men alle aviser med respekt for seg sjølv har vinspalter der ekspertane med underlege ord og uttrykk fortel oss kva vi bør drikka. Og vin drikk vi visst som aldri før. Polet fortel om stadig aukande vinsal. Men om vi drikk aldri så mykje, så er det nok ikkje til særleg hjelp for dei franske vindyrkarane. Det skal meir til før dei kan bli av med alt dei produserer.

Den franske vinprodusentane har store problem for tida. I fjor var det tilløp til panikk fordi ei heitebølgje gjorde skade på avlinga. I år er det snakk om overproduksjon - heile seks milliardar liter, fortel BBC. Problemet er at produsentane ikkje blir av med all denne vinen. Eksporten dalar og franskmennene sjølv drikk stadig mindre vin.

Før i tida pøste kvar franskmann i seg 126 liter i året i gjennomsnitt. På dei siste 40 åra er dette blitt halvert slik at gjennomsnittsinntaket nå berre er 56 liter. Franskmennene har gått over til Coca Cola og liknande alkoholfrie leskedrykker, eller dei drikk sterkare saker som whisky. Dette er sjølvsagt bra for levra og folkehelsa, og ikkje minst for statistikken over trafikkulykker, men for vinprodusentane er det skremmande tal. Fleire regionar set nå tak på produksjonen. Eit tusental produsentar i Bordeaux skal vera nær ved å gå konkurs.

På verdsmarknaden er det nyare vinland som Australia, Argentina, og USA som aukar salet. Desse landa brukar store summar på å marknadsføra seg, og blant dei krava franske produsentar nå set fram, er statlege tilskot for å reklamera for fransk vin på verdsmarknaden. Produsentane er også arge på regjeringa som i 1991 sette strenge reglar for reklame på heimemarknaden. Bl. anna vart det forbode å reklamera for vin i fjernsynet.

Meir kontroversielt er framlegget om å endra klassifiseringssystemet som har vore standard i fransk vinproduksjon sidan 1930-åra. Dette vart innført for bl. anna å verna om kjende distrikt som Bordeaux og Bourgogne og for å avgrensa kva slag druer som kunne brukast, kvar dei kunne dyrkast og kva slag alkohol- og sukkerinnhald vinen skulle ha.

Diskusjonen om kva som bør gjerast, går høgt i Frankrike. At det er store verdiar det er snakk om, skjønar ein når ein ser at landet eksporterer vin for over 60 milliardar kroner årleg.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no