skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Var han kjelde for Watergate-avsløringa?

Fred LaRue, ein av president Richard Nixons medarbeidarar, er funnen død på eit hotellrom i USA. Rykta vil ha det til at LaRue var den anonyme kjelda Washington Post brukte for å avsløra Watergate-skandalen som førde til at president Nixon måtte gå av.
Av Egil Johan Ree

Publisert 02.08.2004 08:29.
Rykta om kven som var kjelde for Watergate-avsløringa kjem til å leva vidare så lenge dei få innvigde held tett, men det er alt ei god stund sidan amerikansk presse meinte å vita at Fred LaRue var mannen. Sjølv nekta han til det siste, og nå får vi aldri vita meir frå han sjølv, for tysdag vart han funnen død på eit hotellrom. Det var ikkje noko mystisk ved dødsfallet. LaRue døydde av naturlege årsaker, heiter det i meldingane frå USA. Han vart 75 år gamal.

Berre journalistane Carl Bernstein og Bob Woodward, den dåverande redaktøren i Washington Post og kanskje nokre ganske få andre veit om det verkeleg var Fred LaRue som var kjelde for opplysningane som førde til at president Nixon måtte gå av. Dei to journalistane hadde hemmelege møte med kjelda si - eller kjeldene sine - på utvalde stader i Washington. Der fekk dei detaljane i Watergate-saka som galdt innbrotet i hovudkvarterer til det det demokratiske partiet og ymse anna snusk som det etterkvart viste seg at Det kvite hus stod bak.

Deep Throat var namnet journalistane sette på den eller dei som fora dei med opplysningar - eit namn dei henta frå ein mykje omdiskutert pornofilm. Når Fred LaRue seinare vart utpeika som den sannsynlege Deep Throat, var det fordi han hadde ei sentral stilling i Nixon-administrasjonen. Han var nær medarbeidar av justisminister John Mitchell som var leiar i komiteen for attval av Richard Nixon. LaRue var med på møtet der Mitchell og andre Nixon-medarbeidarar planla innbrotet i Watergate.

Sjølv hevda LaRue at han på møtet åtvara mot innbrotet, men han vart seinare kjend for å vera mannen som betalte deltakarane i innbrotet for å halda tett om det dei hadde vore med på. I rettsoppgjeret etter skandalen vart han dømd til fire og ein halv månads fengsel, og dermed var det slutt på den politiske karrieren han truleg hadde lagt opp til. Han drog tilbake til heimstaten Mississippi der han arbeidde i familiens oljeselskap.

Som sagt avviste han rykta om at det var han som var Deep Throat. Han hevda at det ikkje var ein person, men fleire som fôra Woodward og Bernstein med opplysningar. Førebels får vi slå oss til ro med det, men før eller seinare får vi nok vita om han snakka sant eller ikkje.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no