Vil selgja kyrkjer til katolikkanePresten i Vålerenga går inn for at fem av kyrkjene i Oslo bør selgjast til katolikkane. Medan frammøtet i dei lutherske kyrkjene minkar, har den katolske kyrkja i hovudstaden plassmangel.
Av Egil Johan Ree Publisert 02.08.2004 08:23. Medlemstalet i den katolske kyrkja i Oslo er blitt tredobla på 15 år, truleg ikkje fordi så mange har konvertert, men fordi vi har fått så mange nye naboar frå katolske land. I den katolske hovudkyrkja i hovudstaden blir det halde åtte gudstenester kvar sundag, og endå må folk stå på trappa fordi det ikkje er plass til dei inne.
Den ikkje ukjende presten og fotballsupporteren i Vålerenga, Einar Gelius, har notert seg dette og kan tenkja seg å gjera noko med det. Sel fem av kyrkjene i Oslo til katolikkane, seier han til avisa Vårt Land, ikkje plent for å hjelpa dei, men for å tena pengar. Den norske kyrkja har få kyrkjegjengarar og lite pengar. Katolikkane har plassmangel og god råd, seier Gelius.
Han er, som vi skjønar, ein realistisk mann med forretningssans. Medan dei fleste av oss faktisk er medlemer av den norske, lutherske kyrkja, så er det ikkje så mange av oss som går der, bortsett frå i bryllaup, barnedåp og gravferder. På vanlege gudstenester kan det vera skrint med folk på kyrkjebenkene. Gelius har tidlegare gjort framlegg om å slå saman kyrkjelydar og stengja kyrkjer som blir lite brukte.
Litt lenger tilbake i tida ville det sikkert vore kontroversielt å overlata kyrkjer til katolikkane. Skepsisen mot katolikkar var djup i mange lutherske krinsar. Katolikkane var nærast som heidningar å rekna. I vår økumeniske tid er det ikkje slik lenger. Skulle det bli aktuelt å selgja lutherske kyrkjer til katolske kyrkjelydar, ville nok ein og annan murra litt, men dei fleste ville sikkert synast det var i orden. Dersom Oslo bispedøme vil selgja, er det berre flott at andre kristne samfunn overtar, seier leiaren i Kyrkjerådet, Thor Bjarne Bore.
Ei anna sak var det om muslimane fekk overta kyrkjer for å gjera dei om til moskear. Så økumeniske er ikkje alle nordmenn blitt at dei ville synast det var greit.
Men så spørst det om katolikkane er villige til å betala for kyrkjene våre. Ein talsmann for den katolske kyrkja i Oslo nektar for at dei har så mykje pengar som Gelius trur dei har. Han tvilar på om dei får lov til å selgja saker frå vatikanmuseet for å kjøpa ei kyrkje i Oslo.
Talsmenn for den katolske kyrkja i Noreg er positive til framlegget frå Einar Gelius, men er ikkje samde med han i at den katolske
|