skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Gode dementi i agurktida

Når ferien lammar nyhenderedaksjonane, blir det langt mellom dei store sakene i media. Vi må nøya oss med dei små og mindre viktige sakene, og det kan vera greit nok for oss som ventar på sommaren.
Av Egil Johaan Ree

Publisert 21.07.2004 14:32.
Dementiar kan til dømes vera underhaldande lesestoff i desse nyhendefattige tider. I dag les vi om modellen Kathrine Sørland som har fått heile førstesida i Rogalands Avis. Kathrine Sørland er sint på bladet Se og Hør som har skrive at ho og Idol-artisten Kjartan Salvesen er kjærastar. Sommarens heitaste par, stod det i Se og Hør som byggjer på kjelder som visstnok skal ha sett dei to saman ved eit par høve. Det skal ikkje alltid så mykje til for å setja fantasien i gang i Se og Hør, men om vi skal tru på det frk. Sørland seier, og det kan vi sikkert, så er det ikkje sant det som står i bladet. Men det er eit godt dementi.

Dementi nr. to kjem frå USA og handlar om den avdanka popstjerna Michael Jackson. Han er som kjent mistenkt for å ha hatt eit altfor nært forhold til unge gutar, men i dette tilfellet har rykta fortalt at han skal bli far igjen. Eit amerikansk vekeblad har skrive at det denne gongen er snakk om ikkje mindre enn firlingar. Mora skal bu i Florida og der skal Jackson ha besøkt henne. Vi har ikkje tatt oss bryet med å få verifisert desse rykta, men har notert oss at Michael Jackson dementerer dei på det mest bestemte. Det tar vi til etterretning.

Eit slags dementi kan vi kanskje og kalla meldinga frå USA som gjeld sjølvaste president George W. Bush. Han gjekk i februar ut og karakteriserte seg sjølv som krigspresident. Som vi veit, fører han krig både i Afghanistan og Irak i tilleg til krigen mot terrorismen, men nå har han kome på at han ikkje lenger vil vera krigspresident. Ingen ønskjer å vera det, seier han. Dersom han vinn valet i november og får fire år til i Det kvite hus, vonar han å bli fredspresident, sa han på eit valmøte i går. Han satsar nok på å kapra nokre ekstra velgjarar med den merkelappen, men somme av dei meir krigerske rådgivarane hans er nok litt skeptiske

Blant agurknyheitene som elles renn inn frå den store verda, noterer vi oss at prins Charles i England har køyrt drosje for første gong i livet. Drosjesjåførane i London feira seg sjølv her om dagen og inviterte prinsen på tur. Under den minneverdige ferda gjennom London-gatene fortalde den 55 år gamle tronarvingen at han som gutunge hadde køyrt med buss ein gong, men at han elles aldri hadde brukt offentlege transportmiddel. Opplysninga kjem neppe som noko sjokk på britane.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no