Krigsivrige amerikanararDen amerikanske øvstkommanderande i Irak ga i fjor britiske styrkar ordre om å gå til åtak mot ein iransk styrke som hadde gått inn i Irak. Det kunne utløyst full krig med Iran, men britane nekta å følgja ordren frå amerikanarane.
Av Egil Johan Ree Publisert 30.06.2004 14:29. Ordrenekt i det militære er alvorlege saker, men stundom skal ein vera glad for at nokon tar på seg ansvaret og seier nei når ordren openbart er dårleg gjennomtenkt. I tilfellet som den britiske avisa Daily Telegraph fortel om, kunne det gått skikkeleg ille.
I juli i fjor rykte styrkar frå den iranske revolusjonsgarden inn over grensa til Irak i området nord og aust for byen Basra. Dette er eit område som Iran meiner å krav på. Den amerikanske øvstkommanderande i Irak, general Richardo Sanchez, ga britiske styrkar ordre om å førebu eit åtak med fleire tusen soldatar mot dei iranske stillingane.
Det var ein dramatisk ordre. "All hell would have broken loose" - det kunne utløyst eit reint helvete", seier ei militær kjelde til Daily Telegraph. Britane kunne ha kome i kamp med overlegne iranske styrkar og dessutan risikert åtak bakfrå av irakiske opprørarar. Den iranske revolusjonsgarden har 125 000 soldatar, langt fleire enn heile den britiske hæren. Dei iranske styrkane er dessutan utstyrde med 500 stridsvogner og anna tungt militært materiell. I verste fall kunne det ha brote ut full krig med Iran.
Den britiske militære leiinga i Irak valde i denne situasjonen å oversjå ordren frå general Sanchez. I staden sette dei i sving diplomatiet for å få løyst saka på fredeleg vis. Britane opplyser nå at løysinga kom etter ei vekes tid då den britiske utanriksministeren Jack Straw tok ein telefon til sin iranske kollega.
Det gjekk bra den gongen, men Daily Telegraph minner om at det ikkje er første gong i nyare tid at britane har kome i konflikt med dei krigsivrige amerikanarane. Under krigen i Kosovo var det eit liknande tilfelle då russarane var i ferd med å ta kontroll over flyplassen i Pristina. Den amerikanske øvstkommanderande i Europa, general Wesley Clark, ga britane ordre om å stansa dei russiske styrkane. Den britiske generalen Michael Jackson var slett ikkje innstilt på å lystra ein så drastisk ordre. Han skal ha tatt ein telefon til general Clark og sagt at "Eg kjem ikkje til å starta den tredje verdskrigen for deg! "
Det gjekk altså bra i Kosovo og, og resten av verda skal kanskje vera glad for at ikkje alle er like hissige på avtrekkjaren som amerikanarane.
|