Det plagsame EUAlt hadde vore mykje enklare her i landet om det ikkje var for EU. I den politiske debatten er EU noko ein helst ikkje skal snakka om, men politikarane gjer det likevel heile tida.
Av Egil Johan Ree Publisert 25.06.2004 08:58. Det er ei plage med dette EU som held på der ute, tar opp nye medlemsland, lagar seg grunnlov og vedtar tonnevis med reglar og forskrifter som også vi her oppe langt på veg må retta oss etter. Det hadde sjølvsagt vore mykje enklare om EU ikkje fanst, så kunne vi med rak rygg stelt oss slik vi ville med alle oljepengane våre utan omsyn til det dei driv på med i desse andre plagsame europeiske landa.
Men EU er der, og då må vi, om enn aldri så motvillig, meina noko om det. Frontfiguren for Den raude fare, Jens Stoltenberg, han meiner at vi bør inn i EU, men mest av alt vil han bli statsminister etter valet neste år, og då veit han at det ikkje er så lurt å snakka høgt om det store europeiske fellesskapet. Stoltenberg drøymer om å kasta Bondevik og regjera saman med Kristin Halvorsen og Åslaug Haga. Skal han få det til, kan han ikkje ein gong kviskra om EU, for då finn dei to damene fram kjevlet og barrikaderer seg bak stengde dører.
Stoltenberg har difor valt å vera ytterst diplomatisk i ordbruken når han er nøydd for å nemna EU, og så langt har damene halde seg i ro og regjeringsprosjektet har sett ut til å vera liv laga. Jamvel tidlegare landsmoder Gro har halvhjerta vedgått at tidene kanskje har endra seg og at det såleis ikkje er umogeleg for AP å sitja til bords med SV og SP.
Men så kjem Torbjørn Jagland på banen, denne tidlegare partileiaren og statsministeren som i følgje Kristin Halvorsen tenkjer på EU frå han står opp om morgonen til han legg seg om kvelden. Jagland, som elles ville vore den naturlege utanriksministeren i ei Stoltenberg-regjering, slår utan atterhald fast at ei slik regjering må ha som mål å få Noreg inn i EU.
Ingen er nokon gong tvil om kva Jagland meiner om den saka, men nokon god søknad om å bli utanriksminister i ei raud og grøn regjering er det avgjort ikkje. Det stadfester då og dei to damene Halvorsen og Haga i Dagbladet i dag. Dersom ein utanriksminister eller ein annan statsråd i ei slik regjering vil ha debatt om medlemskap i EU, så er det over ut for den regjeringa, seier Haga.
Kjevlet ligg altså klart bak døra, og for Stoltenberg er det nok ikkje kjekt å høyra at prosjektet hans såleis blir sabotert av Jagland. Men slik er det. EU får vera der så mykje det vil, men her på berget skal det drivast norsk politikk. Ubehagelege ting snakkar vi ikkje høgt om.
|