skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Høybråten vil på Stortinget

Dagfinn Høybråten meiner at han som partileiar bør ha fast plass på Stortinget etter valet neste år. Problemet er at ingen fylke til denne tid har signalisert at dei er villige til å stilla han opp på sikker plass.
Av Egil Johan Ree

Publisert 23.06.2004 15:33.
Dei har mykje å tenkja på, dei som skal styra rike og land. Dagfinn Høybråten har nå fått ansvar både for arbeidsliv og sosiale saker og blir kalla superminister i media. Og så er han altså i tillegg blitt partileiar og skal føra KrF fram til siger i stortingsvalet neste år. I det valet vil han gjerne få seg fast plass på Stortinget, for det har han ikkje i dag. Partileiaren bør sitja på tinget, meiner Høybråten. Problemet er berre at det kan sjå ut til at ingen fylke er villige til å stilla han opp på sikker plass.

Det naturlege for Høybråten hadde vore å bli kandidat i heimfylket Akershus. Men der sit Valgerd Svarstad Haugland og ho har ikkje tenkt å gi frå seg plassen. Ingen skal tvingast ut dersom dei ønskjer å halda fram på tinget, seier Høybråten. Partileiaren må såleis ut i landet og finna seg eit fylke der einkvan trekkjer seg frivillig. Østfold kunne vore aktuelt, men der vil visst ikkje lokallaga ha han. Dei vil ha ein lokal kandidat.

Nå har som kjent statsminister Bondevik sagt frå seg plassen i Møre og Romsdal, og der kunne det opna det seg eit høve for Høybråten. Det har som kjent hendt før at partileiarar drar langt av stad for å bli tingmenn. SV-leiaren Erik Solheim gjorde i si tid trønder av seg for å koma på tinget.

Men KrF-folka i Møre og Romsdal er visst slett ikkje overtydde om at Høybråten er rette mann til å fremja fylket sine interesser i Stortinget. Det har kome protestar frå lokallag som tydeleg meiner at dei, nett som i Østfold, vil ha lokale folk på lista. Austlendingar får halda seg dei dei høyrer heime om dei aldri så mykje er partileiarar.

Høybråten kan såleis få bratte motbakkar dersom han for alvor gir seg i kamp med fiskarane, møbelsnikkarane og pizzabakarane i Møre og Romsdal.

Men Høybråten gir seg nok ikkje så lett. Nå har han greid å få røykjarane ut av restaurantar og kafear og har påtatt seg å få slutt på arbeidsløysa, få sjukefråveret ned og avskaffa fattigdomen i Noreg. Til Sunnmørsposten seier han i dag at han er sterk i trua på at han skal lykkast med å få seg plass på Stortinget. Når ein KrF-mann tar slike uttrykk i bruk, ordnar det seg nok, for tru i kombinasjon med litt press kan flytta både fjell og nominasjonskomitear. Men ein kan og ha i minnet pinseven-leiaren som i Her og nå i går var sikker i trua på at han ved bøn skulle greia å stansa dei olympiske leikane i Athen.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no