skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Amerikanske bestselgjarar

I USA står folk i kø for å kjøpa tidlegare president Bill Clintons sjølvbiografi. Boka kjem i millionopplag, men endå fleire amerikanarar har kjøpt ein spenningsroman med historisk tema og ein Harvard-professor som helt.
Av Egil Johan Ree

Publisert 22.06.2004 14:12.
Over tusen bokjøparar stod i kø utanfor ein bokhandel i Washington ved midnatt amerikansk tid for å kjøpa boka til Bill Clinton. Førebels er boka trykt i eit opplag på 1,5 millionar, men forlaget reknar med at dei må trykkja fleire. For jamvel om delar av innhaldet i boka er blitt kjent gjennom avisartiklar og fjernsynsintervju som Clinton har gitt, vil folk sjå på trykk kva den tidlegare presidenten meiner. Og ein kan trygt gå ut frå at det ikkje er økonomi og utanrikspolitikk dei fleste vil lesa om. Det mange står i kø for, er å få vita meir om det pikante forholdet til Monica Lewinsky. Ein president som tukla med ei kontordame, som laug til det amerikanske folket og skjemde seg ut for heile verda.

Slikt blir det bestselgjar av og mange pengar til forfattaren. Ti millionar dollar har Clinton fått i forskot, og mange fleire dollar kjem det til å bli før boksalet er over.

Men det er ikkje sikkert at alle lesarane blir like nøgde når dei set seg ned med boka. Så vidt vi skjønar er det berre eit dusin sider eller så som omhandlar Monica Lewinsky-saka og Clintons dramatiske oppgjer med kone og dotter då sanninga vart kjend for dei. Resten av dei over 950 sidene handlar om andre og meir prosaiske saker, og er etter det fleire meldarar meiner, ein langtekkeleg lapskaus av ting den tidlegare presidenten har opplevd og ønskjer å setja på trykk.

Men bestselgjar ser det altså ut til å bli, og ikkje alltid er det lett for forlagsfolk og andre å vita kva som slår an blant folk. Den førre store boksuksessen i USA er spenningsromanen "da Vinci-koden" av forfattaren Dan Brown. Den er ein moderne versjon av legenden om den heilage Gral med ein amerikansk professor i hovudrolla. Boka er full av historiske fakta, kunst- og religionshistorie og filologiske utgreiingar, - ei bok som ein ikkje skulle tru ville nå eit stort publikum. Men romanen har kome i eit opplag på sju millionar i USA og kjem sikkert til å selgja godt også i utlandet. Clinton kjem neppe til å selgja så mange bøker.

Så kan forlagsfolk spekulera på kva det er som gjer bøker til bestselgjarar. Litt veit dei om det, men dei skulle nok gjerne visst meir.





 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no