skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Treng vi all denne reklamen?

Vi druknar i reklame kvar dag, og ofte får reklamen oss til å kjøpa dei produkta det er reklamert for. Men det er ikkje alltid vi får det reklamen har lova oss.
Av Egil Johan Ree

Publisert 21.06.2004 14:20.
Ofte spør vi oss om det verkeleg kan vera naudsynt med all denne reklamen. Den vesle haugen vi ber inn frå postkassa kvar dag, reklamebilaga som vi må plukka ut av avisene, reklamen på sjølve avissidene, reklamen i fjernsynet. Når vi ein gong i blant blar i papirhaugen, undrar vi oss over om det kan vera lønsamt å senda ut så mange sider med bilete av mobiltelefonar, fjernsynsapparat og vaskemaskinar, så mange ark med reklame for hekksakser og hageslangar, bleier og toalettpapir. Det meste går i papirdunken utan nærare gransking, så vi er nok ingen ideell kunde.

Men dei veit nok kva dei gjer dei som sender ut alt dette, og ekspertane fortel oss gjerne kor naudsynt reklamen er for at hjula skal sviva og den frie marknaden fungera. Men dei seier ikkje så mykje om innhaldet i reklamen. Den må vi vurdera sjølv. Av og til er det enkelt: Vi trur ikkje at hårshampooen X er den einaste som får håret til å skina slik som på modellen på skjermen. Vi trur ikkje at vi blir lykkelegare av å kjøpa bilen Y som har endå fleire teknologiske finessar enn den bilen vi alt har.

Vi er i det heile ganske skeptiske til mykje av det reklamen fortel oss, men stundom får reklamefolka det til å sjå så truverdig ut at vi svelgjer det utan å tenkja oss om. VG har avslørt eit par slike tilfelle denne veka. Ein norsk pizzaprodusent reklamerer med ein pizza som dei påstår er godkjend av Det italienske pizzabakarlauget. Då må det vel vera gode greier, tenkjer vi, for det er italienarane som kan det der med å laga pizza. Men så viser det seg at det såkalla pizzabakarlauget slett ikkje har noko med å godkjenna pizzaer, organisasjonen steller med kvalitetssikring av utstyr i restaurantar og råvarene som skal brukast.

Så er det produsenten som reklamerer med heimelaga syltetøy laga av markjordbær. At syltetøyet er heimelaga, trur vi sjølvsagt ikkje på, men i fjernsynsreklamen spelar dei Prøysens vise "Oppå Lauvåsen veks det jordbær" slik at vi retteleg skal få assosiasjonar til friske norske markjordbær. Så avslører VG at det berre er 12 prosent markjordbær i syltetøyet, og at desse bæra kjem frå Tyrkia og slett ikkje frå Lauvåsen eller andre norske jordbæråsar.

Slik lar vi oss lura om vi ikkje er skeptiske nok. Det tryggaste er nok å finna på noko anna når reklamepausane i fjernsynet kjem.Papirreklamen kan vi kasta i den grøne dunken utan å lesa han.






 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no