Å smugla sprit frå ShetlandEin tidlegare sjef i selskapet Bravida har kome i avisene i dag etter at han vart tatt for smugling. Mannen hadde vore på segltur til Shetland og henta med seg ulovlege mengder øl, vin og brennevin.
Av Egil Johan Ree Publisert 15.06.2004 14:10. Det er mange seglbåtar på Vestlandet, og når sommaren melder seg, vaknar utferdstrongen. Her er lange tradisjonar for å sigla vestover i havet. Vikingane gjorde det og kom ofte heim med rikt bytte. Dagens vestlendingar kjenner det same draget mot øyane i vest. Mange tar turen til Shetland der nordmenn alltid blir godt mottatt og mange varer er billegare enn her heime. Ikkje alltid står tollarane på kaien når siglarane vender heim frå ferda over Nordsjøen. Tollarane har mangt å gjera og kan ikkje alltid vita om båtane berre har ferdast langs norskekysten eller om dei har vore på tokt i fjernare farvatn.
På Stord i Hordaland hadde tollarane sine mistankar i veka som var. Då ein kameratgjeng på fire la til kai etter ein vellykka tur til Shetland, stod representantar for dei fiskale styresmaktene klare til å inspisera lasta. Blant dei fire kameratane var tidlegare sjef for Bravida Jan Kåre Pedersen. Somme minnest kanskje at han leia selskapet i tre og eit halvt år og fekk med seg 42,5 millionar kroner for jobben. Han skulle såleis ha god råd til å gå på polet slik vi som ikkje har seglbåt er nøydde for å gjera.
Men Pedersen og kompisane hans hadde handla grundig på Shetland. Tollarane fann 20 liter sprit, 220 liter øl og 70 liter vin i lasta. Jamvel om ein deler det på fire, blir det godt over den lovlege kvoten. Den er som kjent ikkje så mykje å snakka om. Ein liter sprit og eit par flasker vin er det vi har lov til å ha med oss utan å betala toll, og fleire enn Pedersen frå Stord synest det er i minste laget. Mang ein nordmann har gått med bankande hjarte og stivt blikk gjennom den grøne sona på flyplassen etter Syden-turen. Men dei fleste har ikkje plass eller samvit til å ta med seg så mykje som kameratgjengen frå Stord.
Millionæren Pedersen legg seg flat for avisene i dag. Det var varmt og fint, og tjukk i hovudet som eg er, tok vi med dette. Reint idioti som diverre kan førekoma på ein gutetur, seier den angrande syndaren som nå kan venta seg eit oppgjer med styresmaktene.
Mange av dei som har tenkt seg ein tur over Nordsjøen i sommar, har nok lese avisene med stor interesse i dag. Den årlege Shetlands-ekspedisjonen er eit høgdepunkt for mange ivrige siglarar. Nå blir spørsmålet å finna den rette hamna å styra mot på heimferda.
|