DommedagsprofetiarPå kino kan vi nå sjå ein film som syner korleis verda kjem til å gå under på grunn av klimaendringar. Her i landet må vi i første omgang bu oss på ein sommar med kamp mot store mengder mygg og veps.
Av Egil Johan Ree Publisert 27.05.2004 14:17. Støtt og stadig er det nokon som vil fortelja oss at framtida ikkje har anna enn vondt å by oss. Alle slag plager ventar oss, og i siste instans, kanskje alt om kort tid, kjem verda til å gå under.
Dei som har sans for slikt kan gå på kino i desse dagar og sjå filmen The Day After Tomorrow, som han heiter på norsk. Den skal, etter omtalen å døma, vera eit spektakulært filmepos som skildrar korleis vi går inn i ei ny istid fordi vi har tukla med naturen og øydelagt klimaet. Dramatiske ting skjer over heile verda. Hagl så store som grapefrukter fell over Tokyo, rekordstore orkanar feiar over Hawaii, svære snømengder legg seg i New Dehli og fæle tornadoar trugar med å øydeleggja Los Angeles. Til slutt kjem kulda som drep folk på få sekund.
Filmen skildrar med andre ord katastrofen som klimaforskarar har åtvara mot i lange tider. Rett nok seier forskarane at det ikkje er i morgon dette skal skje, heller ikkje dagen etter i morgon. Dessutan kjem det ikkje brått på oss, slik som i filmen, det kjem litt etter kvart, men dersom vi ikkje sluttar med å forureina lufta med farlege utslepp, kjem det til å gå gale til slutt.
Om vi forstår filmmeldarane rett, er filmen først og fremst laga for å gi oss eit par timar med skrekkopplevingar, men regissøren Roland Emmerich har vel og meint at vi skal tenkja etter kor ille det kjem til å gå med oss til slutt om vi ikkje tar til vitet. Regissøren er såleis på line med alle andre dommedagsprofetar som gjerne vil at vi skal sjå mørkt på framtida.
Det gjer vi då og ofte, men det blir helst til at vi engstar oss for dei meir nære ting. At det skal koma ei ny istid, kan nok vera, men vi trøystar oss med at det sikkert ikkje skjer i vår levetid. Meir urolege bør vi visst vera for den komande sommaren, for om vi skal tru VG i dag, blir det umåteleg med mygg og veps dette året. Den milde vinteren har gjort at insekta har overlevd, og når varmen snart melder seg, kjem dei til å vrimla fram. Det blir ein myggeksplosjon, står det i avisa.
Så får vi vel bu oss på det då, men vi har lært å lesa aviser med ein viss skepsis, så vi kjenner oss ikkje heilt overtydde om at insektsommaren i år kjem til å bli så mykje annleis enn tidlegare somrar. Like lite som vi trur at istida er rett rundt hjørnet.
|