Korleis skal det gå med Rosenborg?Rosenborg har hatt ein dårleg start på fotballsesongen, og nå reagerer tilhengjarane. Trenaren Ola By Rise får hatmeldingar og blir utskjeld på mobiltelefonen.
Av Egil Johan Ree Publisert 19.05.2004 14:02. For oss som ikkje har fotball på maten, berre som dessert ein gong i blant, er det lett å gløyma at dette ballspelet er viktigare enn alt anna. Vi som ikkje kastar oss over sportssidene kvar dag, risikerer å vera uvitande om dramatiske kneskader og sviktande formkurver. Men stundom kan vi ikkje unngå å registrera at alvorlege ting står på spel. Trass i avisstreiken har vi fått med oss at Trondheims edlaste merkevare, fotballaget Rosenborg, er i store vanskar for tida.
Om vi forstår det rett, er det slik at det både er opplese og vedtatt at Rosenborg er det beste fotballaget i landet. Ingen over, ingen ved sida. Rosenborg skal vinna serien, helst også cupen. Rosenborg skal vinna alle kampar, - i det minste nesten alle, for det har Rosenborg gjort i mange år og slik skal det vera, for slik var det i dei tider då Nils Arne Eggens ånd sveiv over graset på Lerkendal.
Men nå er det ikkje slik lenger. Nå ligg ikkje Rosenborg på tabelltoppen, nå ligg laget på åttande plass. To kampar er spela med tap; på heimekampar har dei berre greid å prestera eit mål. Rosenborg er i motvind, laget ter seg som eit ganske vanleg fotballag i elitedivisjonen. Det er ein katastrofe, forstår vi.
Ein av dei gamle leiarane av supporterklubben går ikkje på Lerkendal lenger. Han er gått lei. Ola By Rise får hatmeldingar på skjermen sin. Supporterar ringjer i mobiltelefonen hans og skjeller han ut. På Rosenborgs heimesider skriv trenaren at han skjønar irritasjonen og sinnet, og han reknar med at det vil koma stadig fleire og hardare utfall. Likevel greide både By Rise og spelarane å gå med rak rygg i 17.mai-toget i Trondheim, står det på skjermen. Vi forstår at dette var ein prestasjon som skulle syna supporterar og andre trondheimsfolk at laget ennå ikkje har gitt opp. Det var nok ei mager trøyst for dei av tilhengjarane som berre stiller med support når det går godt for laget.
I dag er det ein lagnadstung dag for Rosenborg. Laget møter Vålerenga som gjerne kan tenkja seg å slå trønderane. Ola By Rise siterer Napoleon på heimesida til Rosenborg. "Motgangen er dyktighetens jordmor". Han får trøysta seg med dei orda så lenge og ikkje tenkja for mykje på korleis det til slutt gjekk med Napoleon.
|