Er SMS ein fare for språket?Halvparten av norske lærarar trur at bruken av tekstmeldingar på mobiltelefonen er øydeleggjande for det norske språket. Særleg er det bruken av forkortingar som uroar lærarane.
Av Egil Johan Ree Publisert 18.05.2004 13:58. Dei lærde får stadig noko nytt å stridast om. Nå har dei undersøkt kva lærarane meiner om tekstmeldingane som ungdomen ustanseleg utvekslar på mobiltelefonane sine. Undersøkinga syner at halvparten av lærarane meiner bruken av tekstmeldingar øydelegg det norske språket. Kva den andre halvparten meiner, står det ikkje noko om, men vi kan vel gå ut frå at dei då meiner at tekstmeldingar ikkje øydelegg språket.
Undersøkingar har vist at norske ungdomar sender mellom seks og ti tekstmeldingar kvar dag. Som alle mobilbrukarar veit, er det tidkrevjande å trykkja på telefontastane for å skriva ord og setningar. For å skriva til dømes bokstaven S må ein trykkja fire gonger på same tasten. Ungdomen tenkjer rasjonelt og resonnerer som så at for å spara tid, treng ein ikkje skriva heile ord. Det enkle ordet det, til dømes, blir til vanleg skrive med tre bokstavar: d-e-t. Men med eitt enkelt trykk får ein fram bokstaven d som uttrykkjer det same, og så har ein spart fleire tastetrykk.
Dagens mobilspråk består av slike forkortingar kombinert med bruken av dialekt og kombinasjonar av bokstavar og tal. Når så elevane set seg ned og skal skriva stil, overfører dei mobilspråket til stilebøkene, og då må læraren fram med den raude blyanten, for slikt språk står ikkje i ordbøkene.
Vi har stor sympati med lærarane som kjempar for det gode og korrekte norske språket. Så vidt vi hugsar har dei ikkje alltid gjort det. Dei har ofte nok blitt skulda for å vera for slappe i språkundervisinga slik at elevane har gått ut av skolen med skrantande norskkunnskapar.
At lærarane nå er redde for at mobilbruken skal øydeleggja språket, er såles til å gle seg over. Men vi er redde for at dei kjempar ein tapt kamp. Mobiltelefonen kan ikkje avskaffast, og mobilbrukarane gjer som dei vil utan å spørja lærarar om lov. Utanfor skolestova utviklar språket seg slik brukarane vil utan omsyn til ordbøker og lærarar. Lærarane gjer sjølvsagt rett i å prøva å banka korrekt norsk inn i elevane, men i staden for å ergra seg over det normlause mobilspråket burde dei kanskje i staden gle seg over at elevane med mobiltelefonane sine øver opp fantasi, formuleringsevne og uttrykksglede.
|