Isbjørntragedie på Bjørnøya? På Bjørnøya går ei isbjørnbinne med to ungar ei vanskeleg tid i møte. Bjørnane var for seine til å bli med på havisen som nå har trekt seg bort frå øya. Dei kan difor ikkje jakta på sel og står i fare for å svelta i hel.
Av Egil Johan Ree Publisert 10.05.2004 14:12. Isbjørnen er eit flott dyr, stor og sterk, smart og uthaldande. Isbjørnungar er uimotståelege; små, kvite bamsar som ein gjerne kunne tenkt seg som kjæledyr. Det er lett å få sympati med slike skapningar, i alle fall når vi har dei på god avstand.
Mange har latt seg riva med av sympati i desse dagar når vi les om dei tre isbjørnane på Bjørnøya som kom for seint til isen. Fram til for eit par månader sidan låg isen heilt inn til Bjørnøya, men så smelta iskanten, og nå er han langt borte. Bjørnemor og dei to ungane kom så seint ut av hiet at dei ikkje rekte å koma seg utpå. Mora, som er ein framifrå symjar, kunne ha greid det, men ungane er for små til ei så lang reise i vatnet. Dei tre er dermed dømde til å vera sommaren over på Bjørnøya. Den er ikkje stor, og tilfanget av mat for bjørnar er lite. Bjørn som ikkje er på isen, kan ikkje jakta sel, og sel er viktigaste føda for isbjørnar. På Bjørnøya risikerer dei tre bjørnane å svelta i hel.
Slikt opprører oss, for vi likar ikkje tanken på at dyr skal ha det vondt, særleg ikkje små, søte bjørnungar. Men slik skal vi ikkje tenkja, seier ekspertane. Det er sentimental og misforstått medkjensle. Naturen er hard og ubarmhjertig, fortel ekspertane, naturen må gå sin gang, menneska skal ikkje gripa inn. Det kjem difor ikkje på tale å gi mat til dei tre bjørnane slik at dei kan greia seg gjennom vinteren. Heller ikkje er det aktuelt å bedøva dei med daktari-piler og frakta dei med helikopter til isen der selen er.
Dette seier sysselmannen på Svalbard som har ansvaret for naturen i nordområda. Det same seier generalsekretær Rasmus Hansson i World Wildlife Fund. For denne ekspertisen må vi bøya oss, jamvel om det høyrest brutalt ut.
Dei tre isbjørnane må såleis finna seg i å eta daude måkar og anna slikt som dei måtte finna på vandringane sine omkring på Bjørnøya. Det kan dei kanskje overleva på, men det er ikkje sikkert. Skulle dei bli for nærgåande mot den meteorologiske stasjonen på øya, kan dei risikera å bli skotne av meteorologane, så bjørnane går i alle fall ei usikker tid i møte.
Men om det nå er menneskeskapte forhold som har gjort at isen smelta tidleg og trekte seg tilbake før isbjørnane greide å koma seg utpå, har vi ikkje då eit ansvar for å hjelpa naturen litt? Vi kan i alle fall stilla spørsmålet.
|