Sensur i USA?Disney-selskapet i USA nektar å senda ut den siste filmen som den kontroversielle filmmannen og forfattaren Michael Moore har laga. I filmen skildrar Moore bl. a. økonomisk samrøre mellom familien til president Bush og familien til Osama bin Laden.
Av Egil Johan Ree Publisert 07.05.2004 13:32. Betre førehandsreklame kunne Michael Moore neppe ha fått enn den han får nå frå det mektige Disney-selskapet. Endå ein gong har han laga ein kontroversiell film, endå ein gong opplever han det han sjølv kallar sensur. Det er økonomiske interesser som bestemmer kva slag informasjon amerikanarane skal få, hevdar Moore.
I den nye filmen Fahrenheit 911, ein tittel som viser til terroråtaka i USA 11. september, set Michael Moore eit sterkt kritisk søkelys på president Bush. Det har han gjort mange gonger før, men denne gongen handlar det om kva Bush gjorde, eller ikkje gjorde, i tida før 11. september. Dessutan skildrar Moore det han hevdar er økonomiske band mellom familien Bush og saudi-arabiske økonomiske interesser, bl. andre familien til Osama bin Laden.
Disney-selskapet seier at det ville vera politisk uheldig å sendas ut filmen i dagens situasjon. Moore på si side hevdar at Disney ikkje vågar å distribuera filmen fordi selskapet er redd for reaksjonar frå presidentens bror, Jeb Bush, som er guvernør i Florida. Disney-selskapet sitt produksjonsselskap for film og moroparken Disneyworld ligg i Florida og har skaffa seg gunstige skattevilkår i denne delstaten.
Michael Moore er truleg den største urokråka i amerikansk kulturliv. Han har skrive fleire bøker og laga mange filmar. Den best kjende filmen er "Bowling for Columbine" som fekk pris ved filmfestivalen i Cannes i fjor og Oscar-pris som beste dokumentarfilm. Boka som på norsk heiter "Dumme hvite menn" låg eit heilt år på bestselgjarlista i New York Times og er den mest selde faktaboka i USA gjennom tidene. Forlaget nekta først å gi henne ut, men måtte til slutt gi etter for press.
Moore er kritikaren, humoristen og satirikaren som dundrar laus på det han meiner er skeivt i det amerikanske samfunnet. Særleg får pengemakta og dei konservative republikanarane gjennomgå i filmane og bøkene. Moore brukar som oftast grovt skyts og er visst ikkje alltid like nøye med fakta. Men han har fått eit stort publikum og har tent seg søkkrik på samfunnskritikken sin.
Den aktuelle filmen Fahrenheit 911 skal visast i Cannes denne månaden, og trass i motstanden frå Disney-selskapet er det truleg berre eit spørsmål om tid før han også blir vist i USA.
|