skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Toppbanner Her & Nå 3_1_gif
Her er du: NRK.no > Programmer > Radioarkiv > Her & Nå
Her & Nå
Tlf. 7388 1400

 

Slanking på norsk og amerikansk

Ved Ullevål sjukehus skal dei nå testa to slankemetodar vitskapleg for å finna ut kva for metode som er best. I USA er det siste nye på slankefronten at ein skal eta slik Jesus gjorde.
Av Egil Johan Ree

Publisert 07.05.2004 13:32.
Vi et og et her i den vestlege verda, stappar i oss sunt og usunt og blir stadig feitare og sjukare. Det fortel i alle fall media, og dermed får dei og høve til å fortelja korleis vi skal unngå å bli feite og sjuke. Matekspertar av ulik kvalitet tener seg rike på å gi slanketips. Dei gir ut bøker, skriv spalter i aviser og vekeblad og lanserer brød og annan mat med nøye utpønska næringsinnhald som skal gjera at vi ikkje sprengjer badevekta og ikkje påfører oss sukkersjuke og andre fordervelege plager.

Fedon Lindberg er blant dei nyaste profetane i denne bransjen. Han skal bl.a. ha oss til å unngå karbohydrat og sukker. Dermed er han i konflikt med den norske statsutoriserte læra til Rådet for ernæring og fysisk aktivitet som bl. anna hevdar at vi må redusera fettinnhaldet i maten.

Forskarar ved Ullevål sjukehus skal nå testa begge desse metodane for å finna ut kva slag slankekost som verkar best på lang sikt. Aftenposten fortel at sjukehuset vart nedringt av folk som gjerne ville vera med på testen, jamvel om han skal vara i halvtanna år. Så lenge må deltakarane leva på den tilmålte dietten, og leiaren for prosjektet lurer på om ho greier å få folk til å halda ut så lenge.

Med tida skal vi altså få svar på om det berre er tull det Fedon Lindberg og det statlege rådet forkynner, eller om ein eller begge er i stand til å gjera oss slankare. Medan vi ventar på resultatet kan dei som måtte vera interesserte, skaffa seg boka som amerikanaren Jordan S. Rubin har skrive om emnet. Den ligg nå høgt på bestselgjarlista i USA, og det er kanskje ikkje så rart, for Rubin vil ha folk til å eta slik Jesus gjorde. Korleis Rubin har fått detaljkunnskap om dietten Jesus heldt seg til, er ikkje heilt klart, men Aftenposten fortel at boka er fullstappa med oppskrifter. Lagar ein mat etter desse oppskriftene, lever ein sunt og går ned i vekt. Ein må halda seg unna skaldyr og konsentrert juice. Og så må ein ikkje pussa tennene med fluortannkrem. Dette siste er rimeleg nok ettersom slik tannkrem neppe var å få kjøpt på Jesu tid. I boka står det elles ei bøn som folk kan bruka for å koma seg lettare gjennom slankeperioden. Det er berre ein månads tid sidan boka til Rubin kom på marknaden, så det er vel for tidleg å seia om folk blir slankare av å følgja Jesus-dietten. Men at bankkontoen til Rubin blir stadig feitare kan vi trygt gå ut frå.


 
Dagens kåseri
Her og Nå - hør siste sending
10 SISTE HER & NÅ
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2008  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no