Dei som hyllar bin LadenEin muslimsk religiøs leiar i Storbritannia oppmodar tilhengjarane sine til sjølvmordsaksjonar mot britiske mål. Samatidig kjem det meldingar om at ekstreme muslimske miljø i heile Europa er blitt meir pågåande.
Av Egil Johan Ree Publisert 27.04.2004 13:59. Det er ikkje mange av dei, men dei er ekstreme fanatikarar som er villige til å ofra livet i kamp mot USA, Israel og alt dei meiner er vestleg dekadense og arroganse. Ein av dei er muslimsk religiøs leiar i London. Han heiter Abu Hamza, er varm tilhengjar av Osama bin Laden og hyllar ll.september-åtaket i USA. I går stod han for retten klaga av britiske styresmakter for oppmoding til valdshandlingar og for å driva rekruttering til internasjonale terrornettverk.
Aftenposten melder i dag at han samtidig har delt ut lydbandopptak til tilhengjarane sine i London med oppmoding til å driva terror på heimebane. Det er ikkje naudsynt å dra til Tsjetsjenia, Afghanistan og andre land for å sprengja seg sjølv og andre i lufta, seier Abu Hamza på lydbandet. Ein treng ikkje reisa tusenvis av mil for å bli martyr, ein kan like gjerne driva heilag krig på heimebane, meiner den religiøse leiaren.
Så les vi samtidig i Dagsavisen at terrorfaren i Europa stadig aukar. Dei siste vekene har etterretningsfolka registrert ein klar auke i kommunikasjonen mellom personar og grupper som er mistenkte for å kunna utføra terrorhandlingar. I fleire europeiske byar har ekstreme islamistiske miljø med tilknyting til Al Quaida drive meir open og militant agitasjon. Dei tiltrekkjer seg fleire unge menn enn tidlegare.
Det er grunn til å tru at det blir planlagt nye, større terroråtak i Europa, seier etterretningsekspertar til avisa New York Times.
Slikt er ikkje hyggeleg å lesa, korkje for muslimar eller for oss andre. Dei fleste muslimar, både i Europa og elles, er vanlege folk som ønskjer å leva i fred med naboen. Dei har ikkje noko ønskje om å sprengja seg sjølv eller andre i lufta. Ekstremistane er eit ganske lite mindretal. Abu Hamza har svært lite sympati i dei britiske muslimske miljøa. Tilhengjarane hans er ei lita gruppe fanatikarar.
Men om dei er aldri så få, så er dei i stand til å skapa store ulykker, slik vi har sett i USA og Spania. Og før det eventuelt kjem så langt, har dei greid å skapa uro og nervøsitet. Tanken på sjølvmordsbombarar kan få nokon kvar til å krypa under dyna eller halda seg borte frå fly og tog og stader der mange folk ferdast. Det er utriveleg å tenkja på kva som kan skje. Men i våre dagar må vi leva med slike tankar. Det einaste vi kan vona er at etterretningsfolka er så smarte at dei greier å stansa terroristane før det smell.
|